Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sykle til jobben 2022

Gol kommune har vorte gratiskommune for "Sykle til jobben 2022"

Sykle til jobben" er ein årleg kampanje med mål om å få flest mogleg i aktivitet.

Kampanjeperioda er frå 19. april til 17. juni 2022. Dette er ein lågterskel, sosial, miljøvenleg, unik og morosam konkurranse. 

Under kampanjen registrerar deltakarane ALL sin fysiske aktivitet. Det vil sei at det ikkje berre er sykling som tel. Padling, springing, symjing, klatring, fjellturar og styrketrening er andre eksempel på poenggjevande aktivitetar. Du kan registrera aktiviteten både til/frå jobb, men og fysisk aktivitet på fritida. Ein kan delta individuelt eller som eit lag på maksimalt fem personar saman med vener eller kollegaer. Sjølv om du er pensjonist eller av andre grunnar ikkej er i jobb, kan du fortsatt delta. Alle som melder seg på og registrar aktivitet er med i trekningen av premiar som blant annet syklar, turar og treningsutstyr! Det er gratis å delta.

Meld deg på her: Sykle til jobben

Sist endret: 12.05.2022