Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Legetenesta informerer

Gol kommune har fått fleire nye legar i deltidsstilling og vil derfor redusere 2 av fastlegelistene og samtidig opprette ei ny liste.

Dette medfører at ein del personar i Gol vil få tildelt ny fastlege. Dette gjeld personar som står på lista til Ingvild Skølt og Jagannivasan Thurainayagam. Nokre av desse vil få Jens Petter Nordang som ny fastlege. Christoffer Ellingsrud overtar samtidig fastlegelista til Thurainayagam.

Det er HELFO som gjennom maskinelt uttrekk foretar tildelinga. Legetenesta/fastlegane har ingen innvirkning på denne prosessen. Dei som får tildelt ny fastlege, vil motta informasjon direkte frå HELFO om dette.

Du kan få meir informasjon om fastlegeordninga på Helsenorge.no eller ved å ringe 800 43 573.

Legetenesta i Gol kommune har frå 01.05.22 følgjande fastlegar:

Kommunelegekontoret, Gamlevegen 4, tlf 32 02 92 00:

Anne Marie G Vedde                                   
Lars Christian Sandaker
Eivind Vedvik
Frode Emil Frøyland
Christoffer Ellingsrud
Ingvild Skølt
Jens Petter Nordang

Helge Anders Feet  Allmennpraksis Gol, Sentrumsvegen 101, tlf 32 07 51 40

Sist endret: 12.05.2022