Hallingdal Berekraft, det nye klima – og berekraftssamarbeidet i Hallingdal, er eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen Hallingdal, kommunane, fylkeskommunen, Regionråd og næringslivet.
Hallingdal Berekraft skal på sikt ha 5-6 stillingar som skal styrke og kraftsamle klimaarbeidet, auke innsatsen for å møte det grøne skiftet og jobbe for å få til grøn næringsutvikling. Hallingdal Berekraft lyser no ut to nye stillingar med Regionrådet for Hallingdal som arbeidsgjevar.
Me søkjer deg som kan hjelpe oss med overgangen til lågutsleppssamfunnet - frå lineær til sirkulær økonomi. Sirkulære prosjekt kan være lønsame for kommunar, næringsliv og samfunnet på sikt. Det
kan vera reparasjon og gjenbruk av utstyr, reduksjon av matsvinn, eller redusert forbruk. Hallingdal søkjer deg som kan drive dette prosjektet saman med det offentlege, næringslivet og aktørar i avfallsbransjen i Hallingdal. Det vil også vere viktig å samarbeide med kommunane i Viken.
Dei mest sentrale arbeidsoppgåvene vil vere å legge til rette for at sirkulærøkonomi blir ein integrertdel av kommunane sitt arbeid.
Døme på oppgåver som kan ligge til denne stillinga er informasjonsutveksling og kompetansebygging for alle kommunane, samt å fremje gode sirkulærøkonomiske løysingar som:
- Auka kjeldestortering og resirkulering.
- Meir ombruk og redusert forbruk.
- Auka bruk av fornybar energi.
- bærekraftig matproduksjon og redusert matsvinn.
Kva betyr dette for deg?
- Du jobbar for heile Viken frå Hallingdal.
- Du får tilgang på fleire lokale og regionale fagnettverk som jobbar med sirkulærøkonomi.
- Du har stor fleksibilitet til å påverke eigen arbeidsdag.
- Me har kontorplass både på Flå Vekshus og på Torpomoen i Ål kommune, men kan vera fleksibel på dette innanfor Hallingdal sine grenser.
Kvalifikasjonskrav
- Du har eit sterkt klima og miljøengasjement.
- Du forstår kva sirkulærøkonomi er, og har relevant utdanning eller kompetanse innan sirkulærøkonomi.
- Det er ein fordel om du har prosjektleiarutdanning eller erfaring frå prosjektleiing.
- Du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe i team.
- Du jobbar sjølvstendig mot mål som er fastsett i prosjektet.
Kontaktinfo
Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til:
Dagleg leiar i Regionrådet
Jan Olav Helling
Telefon: 99287897
Søknad på e-post til: joh@hallingdal.no
Søknadsfrist: 05.03.2023