Hallingdal Berekraft, det nye klima – og berekraftssamarbeidet i Hallingdal, er eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen Hallingdal, kommunane, fylkeskommunen, Regionråd og næringslivet.
Hallingdal Berekraft skal på sikt ha 5-6 stillingar som skal styrke og kraftsamle klimaarbeidet, auke innsatsen for å møte det grøne skiftet og jobbe for å få til grøn næringsutvikling. Hallingdal Berekraft lyser no ut to nye stillingar med Regionrådet for Hallingdal som arbeidsgjevar.
Me søkjer deg som skal koordinere innsatsen for klima og miljø i Hallingdal i åra som kjem. Både kommunane, næringsliv og privatpersonar må saman gjere sitt for at Hallingdal skal nå dei nasjonal klimamåla og utvikle samfunnet i ei retning som er basert på FNs berekraftsmål. Til dette trengs ein person som kan vere ein pådrivar og til inspirasjon for alle som må verte involvert i å løyse vår tids største utfordring.
Arbeidsoppgåvene vil vere mange og varierte og me treng ein som kan:
- Utarbeide felles klimaplan for kommunane i Hallingdal. Denne planen vil ta utgangspunkt i dei felles klima - og miljøutfordringane kommunane står ovafor, og der ein bør ha ein felles innsats.
- Koordinere og leie felles klimasatsning mellom kommunane og næringsliv.
- Vera pådrivar for klimahandling i praksis og gjennom prosjekt og faktiske tiltak jobbe med:
- Fossilfrie byggeplassar
- Enøk – energieffektivitet
- Klimaregnskap – klimabudsjett for Hallingdal
- Arealregnskap - arealnøytralitet
- Ha tett samarbeid med Klima Viken, Viken Fylkeskommune og andre klimapartnarar i Viken.
- Drive informasjons- og påverknadsarbeid
- Ha oversikt over internasjonale, europeiske, nasjonale, regionale og lokale utviklingstrekk, innovasjon, kunnskap og planar innanfor klimarisiko, klimagassutslepp, klimatilpassing.
Kva betyr dette for deg?
- Du får ei heilt unik stilling – aldri vore utlyst i Hallingdal før
- Du har stor fleksibilitet får høve til å påverke eigen arbeidsdag og utvikling
- Du vil jobbe med små og store prosjekt i heile dalen og vil få stor variasjon i arbeidskvardagen.
- Du får arbeidsstad på Hallingdal berekraft, eit kontorfelleskap der stillingar innanfor berekraftsarbeid i Hallingdal skal verte samla. Lokalisering er anten på Torpomoen eller på Flå Veksthus.
Me ynskjer at du har:
- Eit sterkt klima og miljøengasjement.
- Relevant utdanning eller kompetanse innan klima- og miljøarbeid/sirkulærøkonomi.
- Gode samarbeidsevne og god evne til å engasjere, kommunisere, motivere og få folk med.
Kontaktinfo
Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til:
Dagleg leiar i Regionrådet
Jan Olav Helling
Telefon: 99287897
Søknad på e-post til: joh@hallingdal.no
Søknadsfrist: 05.03.2023