Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Krigen i Ukraina - informasjon til befolkninga

Informasjon til befolkninga i Gol kommune.

Den siste veka har krigen i Ukraina prega nyheitsbiletet i alle media, og dette kan verke skremmande på mange av oss. Vi ønsker derfor å oppdatere befolkninga på situasjonen slik den er no i dag – fredag 4. mars. Våre kjelder er Regjeringen, Statsforvalter, Direktoratet for Strålevern og Atomsikkerhet (DSA), Nasjonal Sikkerhetsmyndighet m.fl.

Det grunnleggjande bodskapet er at det ikkje er endra trusselvurdering mot Norge. Befolkninga kan leve som normalt.

Det spekulerast mykje i media, og det delast mykje ubekrefta informasjon på sosiale media. Dette er skremmande for mange. Det er viktig å understreke at ein bør forhalde seg til nasjonale offentlege myndigheiter for faktabasert informasjon. I Noreg er denne informasjonen open og vert løpande oppdatert.

Det er mange som lurar på om ein treng å ta jodtablettar som følge av situasjonen i Ukraina. Grunna den store geografiske avstanden er det svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg. Kjelde: https://dsa.no/atomberedskap/ukraina--atomsikkerhet-og-beredskap

Vi vil likevel presisere at Gol kommune har jodtablettar på lager og ein plan for utdeling av dette til barn under 18 år og gravide/ammande som anbefalt av DSA, viss det skulle bli nødvendig.

De skal vera trygge på at Gol kommune følgjer situasjonen nøye, og vi skal halde denne informasjonen oppdatert. De skal òg vera trygge på at kommunen har gode planar og god beredskap til einkvar tid, slik at vi kan handle raskt og riktig hvis situasjonen krev det.

Så vil vi gjerne oppfordre vaksne til å prate med barna om dette. Dei får med seg meir enn vi trur, og det er viktig å være oppmerksom på dette. Organisasjonen «Voksne for barn» har nokre gode råd her:

https://vfb.no/rad-og-tips/arkiv/hvordan-snakke-med-barn-om-det-som-skjer-i-ukraina/

Nasjonal informasjon frå regjeringa.no

Helsehjelp til flykningar og asylsøkjera 

Sist endret: 12.05.2022