Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Koronainformasjon, testing og vaksinering

Det er ny plass for utdeling av sjølvtest frå måndag 2. mai 2022

Endringar i smitteverntiltak frå 12.februar

Endring i tiltak

Nasjonale retningslinjer Covid-19

Nasjonale retningsliner finn du i lenkene under: 

Kva skal du gjere viss du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med Covid-19?
  • Ta ein sjølvtest. Den kan du får gratis på kommunehuset
  • Hald deg heime så lengje du er sjuk. Ved lette symptom kan du forhalde deg som normalt.
  • Dersom du har behov for PCR test, kan du ringje til legekontoret på telefon 32 02 92 00

Typiske symptom på Covid-19 kan være

Oppmøtestad dersom du ynskjer PCR test
  • Bruk sjølvtest dersom du mistenkjer at du har covid 19.
  • Dersom du har tre vaksinedosar eller to dosar og har gjennomgått covid 19 i løpet av dei siste tre månadene, treng du ikkje ta PCR test
  • Dei som må teste seg med PCR test kan ringje legekontoret på telefon 32 02 92 00.
  • Det er testing måndagar og onsdagar klokka 11.00
  • Møt opp på baksida av Gol legekontor
  • Dersom du skal ut og reise og har behov for dokumentasjon på test, må du betale 625 kroner

Informasjon frå helsenorge.nor

Kor finn du svar på Covid-19 test?

Svaret på din Covid-19 test finn du på helsenorge.no

Er testen negativ: hald deg heime til du er symptomfri

Har du tatt sjølvtest og fått positivt svar?
  • hald deg heime så lengje du er sjuk. Ved lette symptom kan du forhalde deg som normalt
  • registrer deg elektronisk på Remin 
  • Dersom du har tre vaksinedosar eller to dosar og har gjennomgått covid 19 i løpet av dei siste tre månadene, treng du ikkje ta PCR test.

Testing, karantene og isolasjon - helse.no

Isolasjon ved koronasmitte

Sjekkeliste dersom du har testa positivt

Smittesporing

Dersom du har testa positivt på sjølvtest for korona, skal du registrere dette på Remin
Kommunen har ikkje lenger smittesporingstelefon, eller nokon som jobbar med smittesporing

Får du varsel frå helsenorge?

Dersom du ikkje får SMS eller epost om innkalling til vaksine, kan det vera fordi du ikkje har kryssa av for dette inne på din brukar på Helsenorge.
Gå inn på Profil og innstillingar / Kontaktinformasjon / Hvordan skal Helsenorge varsle deg? / Varseloppsett.
Då kan du få SMS for alle innkallingar frå helsetenesta, t.d time til vaksinasjon.

Dersom vi må ringje til dei som ikkje har svara på Helsenorge, er det fint om vi får svar på telefonen.
Det kan vera lurt å lagre telefonnummera våre, 940 03 193 og 457 23 560, så ser du at det er vaksinetelefonen som ringjer.

Vaksinering mot Covid 19 

Ring vaksinetelefon dersom du ynskjer vaksine, 457 23 560, tysdag og torsdag frå klokka 09.00 - 11.00

Personar over 80 år kan no ringje for å få fjerde vaksinedose dersom dei ynskjer det.

Informasjon om korona på andre språk

Andre språk - other languages

Sist endret: 12.05.2022