TV-serien om «Demenskoret» på NRK fjernsyn har blitt ein suksess som skapar engasjement over heile landet. Demenskoret har vist at dette er eit tilbod som skapar glede, begeistring og gode opplevingar. Det er fleire som har engasjert seg til å få til eit liknande kor også her i Gol.
Pensjonert pianist og musikkterapeut Øistein Holtmon stiller opp som korleiar, og diakon Martha Frøyland Bleiktvedt hjelper som praktisk organisator og assisterande korleiar.
Gjensidige Hallingdal sponsar prosjektet.
Tanken er at me skal samlast åtte gonger til øving på Gol bedehus.
Dersom alt går etter plan, blir ein konsert arrangert der me fyrst og fremst inviterer familien.
Er du eller ditt familiemedlem glad i å syngje og har lyst til å vere med?
Da vil me invitere deg/dykk til eit oppstartsmøte måndag 6. mars kl.11.00 – 12.30.
Det er fint om eit familiemedlem blir med saman med kordeltakar.
Familiens støtte er viktig for oss.
Me vil gjerne vite kven og kor mange som kjem.
Ta derfor kontakt med diakon Martha på tlf. 47627663.
Korleiarane gleder seg til å møte deg/dykk! Vel møtt 😊