Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ekstra søknadsrunde på kulturmidlar 2022

Ettar at utval for kultur og levekår behandla sak 38/2022 - Tilskot til lokale lag og organisasjonar,  vart det att midlar. Dersom ditt lag eller organisasjon ikkje fekk søkt fyrste gong, opnar vi no for en ny søkjarrunde. 
Søknad leverast elektronisk innan 15. oktober 2022. 

Tilskot til lokale organisasjonar er samansett av følgjande stønadsformer:

- Medlemstilskot
- Aktivitetstilskot
- Tilskot til leiarutdanning
- Leigetilskot
- Driftstilskot til bygg/anlegg

Vedlegg til søknaden:

- Årsmelding
- Reknskap og medlemsregister (pr. 31.12) attestert av årsmøtevald eller registrert revisor. 
- Samansetning av styret
- Andre krav til vedlegg går fram under den einskilde stønadsform 


Meir info:
Ulike tilskot - Gol Kommune

Sist endret: 21.09.2022