Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Aksellastrestriksjonar og dato for opphevingar

Aksellastrestriksjonar

Med heimel i vegtrafikklova §7 blir det frå og med måndag 11.4.2022 kl. 08.00 innført aksellastrestriksjonar i teleløysinga på følgjande kommunale vegar:

  • KV 1694 Liagardsvegen og Søråsvegen fram til Sør Aurdal grense
  • KV 1340 Golberggutu
  • KV 2160 og KV 2170 Søre- og Nordre Øygardsveg
  • KV 1305 Grønlivegen

Alle vegane er satt ned til 6t aksellast.

Det blir gjeve dispensasjon for følgjande transport:

  • Rutegåande persontransport
  • Mjølketransport
  • Utrykkingskøyretøy
  • Renovasjonsbil
  • Kadaverbil til slakteriet
  • Tømming av septik
  • Bergingsbilar
  • Vedlikehaldsmaskinar

Ved raskt væromslag kan det innførast restriksjonar før 11.04.2022 med skilting.   Restriksjonane gjeld fram til kunngjering om oppheving.
Veger med nedsatt akseltrykk vert skilta.  

Oppheving av aksellastrestriksjonar

Restriksjonar i teleløysinga for kommunale vegar i Gol blir oppheva på fylgjande tidspunkt:

  • KV 1694 Liagardsvegen fram til vegbom f.o.m 30.05.2022
  • KV 1340 Golberggutu f.o.m 30.05.2022
  • KV 2160 og KV 2170 Søre- og Nordre Øygardsveg f.o.m 30.05.2022
  • KV 1305 Grønlivegen og Søråsvegen til Sør Aurdal grense f.o.m 07.06.2022

Kommunalteknisk avdeling

Sist endret: 20.05.2022