Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bruke hytte som heilårsbustad

Gol kommune har i seinare tid fått svært mange spørsmål om å få dispensasjon for bruksendring av fritidsbustad til heilårsbustad.

Dei fleste skal ha fått brev frå kommunen om kva kriterier og vilkår som blir lagt til grunn. Førebels kriterier er slik:

- Dispensasjonen følgjer søkjarane

- Tilkomst skal vera vinterbrøyta, slik at nødetatar finn fram

- Søkjar må endre bustadadresse i folkeregisteret

- Dersom eigedomen ikkje er tilkopla felles avløpsordning må ein rekne med å tøme slamavskiljar hyppigare

-Dispensasjon skal nabovarslast

-Renovasjonsgebyr skal oppgraderast til hus

-Innstalering av vannmåler for dei som er påkopla offentleg nett

-Det er sett eit behandlingsgebyr på 9000kr.

I juni 2022 kom det ny dispensasjonsveileder frå statsforvaltaren. Den omhandlar mellom anna kva typar dispensasjonar som statlege og regionale etatar skal uttale seg til.
Vi har sendt ein søknad til uttale hjå statsforvaltaren og Viken fylkeskommune no.
Det syner det seg at statsforvaltaren ikkje er heilt samd i våre kriterier, eller i det heile tatt er positiv til å gi midlertidig dispensasjonsløyve.
Vi er usikre om Statsforvaltaren vil påklage eit positivt vedtak.
Fylkeskommunen derimot let detta vera opp til kommunen sjølv, men frarår å gi dispensasjon.
Dersom  statsforvaltaren påklager vedtaket vil det vera ein anna statsforvaltar som behandlar klaga. Dette kan sjølvsagt ta noko tid.
Vi har sendt nokre spørsmål til statsforvaltaren, og fått svar via e-post datert 09.09.
Dei understreker fortsatt at både dei og Viken fylkeskommune ønsker å få tilsendt alle dispensasjonssaker som gjeld bruksendring frå fritidsbustad til bustad der nasjonale og regionale føringar innan samordna bolig-, areal og transportplanlegging blir berørd.

Dei syner til ny dispensasjonsveileder gjeldande frå juni 2022.

Det er svært stor pågang av denne type saker den siste tida, så vi er lei for at behandling tek lengre tid enn vi hadde tenkt.