Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til, eller ikkje ynskjer, å røyste på sjølve valdagen, kan du røyste på førehand. Har du røysta på førehand, kan du ikkje røyste på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje røyste på førehand fleire gonger.

Du kan røyste på førehand i alle norske kommunar.

Her kan du sjå framgangsmåten når du røyster (PDF)

På sjølve valdagen kan du berre røyste i den kommunen der du står i manntalet.

Tidlegrøysting 1.juli - 9.august

Du kan røyste frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, eller på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du kontakte Tenestetorget og avtale tid for å røyste tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsrøysting 10.august - 8.september

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand fram til og med fredag 10. september. Det er tenestetorget som tek imot førehandsrøysta.

I Gol kan du røyste på førehand på kommunehuset i ordinær opningstid: måndag til fredag kl. 09 – 15. Kveldsope blir annonsert.

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Viss du røyster på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at røysta din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.

Røyste i ein annan kommune

Viss du røyster i ein annan kommune enn der du står i manntalet, vil ikkje den kommunen ha røystesetlane for din kommune. Du kan då be om ein avkryssingsrøystesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og krysse av partiet på den.
Du kan og nytte røystesetlar som du har med deg frå eigen kommune.

Studentar eller andre som ynskjer det kan, ved å sende ein epost til Tenestetorget, få tilsendt røystesetelsett for Gol kommune til opphaldsadressa si.

Viss du røyster på førehand i ein annan kommune er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at røysta din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.

På sjølve valdagen kan du berre røyste i den kommunen der du står i manntalet.

Gol helsetun

Kommunen tek imot førehandsrøysting på helse- og sosialinstitusjonar. Dato for førehandsrøysting ved helsetunet blir kunngjort i Hallingdølen og på kommunen si heimeside.

Både dei som bur i omsorgsbustadar, dei tilsette og pårørande kan røyste på førehand denne dagen.

Gol viaregåande skule

Kommunen tek imot førehandsrøyster på Gol viaregåande skule for elevar og lærarar på skulen. Dato for førehandsrøysting ved skulen blir kunngjort i Hallingdølen og på kommunen si heimeside.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan kome til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få røyste heime eller der du held til.

Då kjem valmedarbeidarar heim til deg og tek imot førehandsrøysta di der.

Frist for å søke blir kunngjort i Hallingdølen og på kommunen si heimeside.

Send søknad til:

Valstyret i Gol
Gamlevegen 4
3550 Gol

eller send epost til postmottak@gol.kommune.no.

Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Tenestetorget på 32029000 og melde frå om at du ynskjer å få røyste heime.

Røyste i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som oppheld seg utlands, kan røyste på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld for veljarar som er busette i utlandet, og for veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan røyste på førehand i utlandet frå 3. juli til og med 1. september 2023. På Svalbard og Jan Mayen gjeld same periode som for førehandsrøysting innanriks, altså fram til siste fredag før valdagen. På Svalbard kan imidlertid Sysselmesteren bestemme at førehandsrøystinga skal avsluttast tidlegare for å sikre at førehåndsrøystene kjem fram i tide. Men hugs at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røysta kjem fram til riktig kommune innan kl. 17.00 dagen etter valdagen. 

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsrøystinga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å røyste på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos røystemottakarar oppnemnde av Sysselmesteren på Svalbard og av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Du kan og sende røysta din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata) og du kan lese mer om det på valg.no