Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Offentleg ettersyn - detaljregulering Golsfjellvegen 295 med fleire

Gol kommune v/Utval for natur og næring (UNN) har vedteke å legge detaljregulering for Golsfjellvegen 295 med fleire, ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. UNN behandla planforslaget i møte 21. november 2023, som sak 55/2023. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11.

Planforslaget går ut på å dele opp eigedomen gbnr. 13/82 i fire hyttetomter. Eigedomen er i dag bebygd med tre hytter. Planforslaget legg til rette for å fortette området med ein ekstra tomt. 

Plandokumenta kan finnast på Gol kommunehus og Gol bibliotek. Høyringsuttale må vere skriftleg, og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no seinast 29. januar 2024