Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kunngjering - Detaljregulering gamle Gol skule

Gol kommune v/kommunestyret har vedteke å kunngjere detaljregulering for gamle Gol skule. Reguleringsplanen vart sluttbehandla i kommunestyret i møte 11. oktober 2022, som sak 40/2022. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-4 og 12-12.

Reguleringsplanen går ut på å legge til rette for om lag 80 bueiningar fordelt på småhus (rekkehus) og låge blokker på eigedomen til gamle Gol skule. Dei gamle skulebygningane skal rehabiliterast til leilegheiter. Gymbygget skal rivast. I samband med tiltaket skal krysset mot Rv.52 oppgraderast, og det skal etablerast ny busshaldeplass som ein del av oppgraderinga.

Kunngjeringa blir varsla i Hallingdølen laurdag 5. november 2022. Offentlege høyringspartar, grunneigarar og naboar blir varsla ved eiga brev. Du kan finne plandokumenta i tenestetorget på Gol kommunehus og på biblioteket.

Kommunen sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12, jf. forvaltningslova kap. VI. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan 28. november 2022. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 1-9. Eventuelle krav må fremjast skriftleg til Gol kommune.

Dersom du har spørsmål til planen kan du ta kontakt med Sander Lilleslett på e-post sander.lilleslett@gol.kommune.no eller telefon 32 02 90 00 (kl. 9-15).