Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Detaljregulering Golfalpin F12 - offentleg ettersyn

Gol kommune har vedteke å legge detaljregulering Golfalpin F12 ut til offentleg ettersyn. Utval for natur og næring gjorde vedtaket i møte 31. mai 2022 som sak 25/2022. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11.

Planforslaget legg til rette for 121 småhytter i tun og 29 frittliggande tomter ved Golfalpin i område F12 i kommuneplanens arealdel for Gol. Utnyttingsgraden er 140 m2 BYA for frittliggande fritidsbusetnad og 120 m2 for konsentrert fritidsbusetnad. Maks mønehøgd er seks meter over gjennomsnittleg planert terreng. I tillegg til hytter omfattar planforslaget mellom anna interne vegar, vatn- og avløpsanlegg, golfbane og friluftsformål. I kommuneplanen er område F12 avsett til fritidsbusetnad.

I den austre delen av planområdet ligg det inne ein støysone for støy frå Ødegården skytebane, som ligg om lag 1,2 km aust for planområdet. Innanfor støysona skal uteplassar plasserast på vestsida av hyttene, og bygningar skal tilpassast best mogleg skjerming av støyen. Det er vidare lagt inn faresone mot høgspentanlegg for å sikre at bygningar ikkje blir plassert her. Veg p_SV1 skal sikrast mot golfbanen med overbygning, og det skal etablerast tryggleiksnett mot golfbane 10 for å sikre at det ikkje blir konflikt/fare mellom golfanlegg og planlagde hytter.

Plandokumenta ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 23. juli til 12. september. Plandokumenta er tilgjengelege på Gol bibliotek og Gol kommunehus. Dersom du har innspel eller merknader til planforslaget må det sendast skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller til postmottak@gol.kommune.no seinast 12. september 2022.

Dersom du har spørsmål til planen kan du ta kontakt med Sander Lilleslett på e-post sander.lilleslett@gol.kommune.no eller telefon 32 02 90 00 (kl. 9-15).