Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Detaljregulering Beidokkhagen - offentleg ettersyn

Utval for natur og næring (UNN) har vedteke å legge detaljregulering Breidokkhagen ut til offentleg ettersyn i møte 22. februar 2022, som sak 11/2022. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11. 

Planforslaget legg til rette for bustader i området mellom Breidok Borettslag og Gamlevegen. Bustadområdet er delt i to; område B1 og B2. Innanfor område B1 kan ein bygge bustader med maks mønehøgde 6 meter og maks gesimshøgde 3,5 meter. Her er det tillatt inntil 10 bueiningar. Innanfor område B2 kan ein bygge bustader med maks mønehøgde 10 meter og gesimshøgde 8 meter. Her er det tillatt inntil 12 bueiningar. Breidokktunet – som ligg nord for område B2 – er regulert til park. Her skal verneverdige bygningar bevarast.

Plandokumenta ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 30. april til 13. juni 2022.

Dersom du har innspel eller merknader må du sende det skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no seinast 13. juni 2022.