Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Varsel om reguleringsendring - Bualie, TB3

Det er varsla oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan for Bualie-Ørterstølen, område TB3. Varselet er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8.

Formålet med planarbeidet er å omregulere område TB3 frå næringsformål (utleige) til fritidsformål. Det blir lagt til rette for om lag 5 til 7 fritidseiningar innanfor området. Det kan også gjerast nokre justeringar på vegtrase og tomteplasseringar innad i området for betre arrondering. 

Innspel/merknader skal sendast skriftleg til Asplan Viak AS, Sundrejordet 4, 3570 Ål eller på e-post til judith.aakre@asplanviak.no innan 6. oktober 2022