Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Legetenesta

Nasjonalt legevaktsnummer 116 117

113 når det er akutt og står om liv.

I kontortida mellom kl.08.00 - 15.00 ringer du 32 02 92 00.

Legevakta er bemanna gjennom heile døgnet.
Vi ber deg likevel om å ringe før du kjem.
Dette både for å unngå unødig venting og for å få gode råd.
Nokre gonger kan ei slik samtale gjera legevaktbesøket unødvendig.

Opningstider

Opningstid

Måndag  kl. 08.00 - 15.30
Onsdag  kl. 08.00 - 15.30
Torsdag  kl. 08.00 - 15.30
Fredag   kl- 08.00 - 15.30

Tysdag kl. 09.00 - 15.30

Matpause kl. 12.00 - 12.30

Alle må ringe legekontoret 32 02 92 00 på forhånd for avtale. Etter kl. 15.00 ring 116 117.
Bruk antibac før du går inn på venterommet. 
Ingen med luftveissymptomer eller feber må gå inn på venterommet!

Endring i fastlegeordninga

Gol kommune har fått fleire nye legar i deltidsstilling og vil derfor redusere 2 av fastlegelistene og samtidig opprette ei ny liste.

Dette medfører at ein del personar i Gol vil få tildelt ny fastlege. Dette gjeld personar som står på lista til Ingvild Skølt og Jagannivasan Thurainayagam. Nokre av desse vil få Jens Petter Nordang som ny fastlege. Christoffer Ellingsrud overtar samtidig fastlegelista til Thurainayagam.

Det er HELFO som gjennom maskinelt uttrekk foretar tildelinga. Legetenesta/fastlegane har ingen innvirkning på denne prosessen. Dei som får tildelt ny fastlege, vil motta informasjon direkte frå HELFO om dette.

Du kan få meir informasjon om fastlegeordninga på Helsenorge.no eller ved å ringe 800 43 573.

Legetenesta i Gol kommune har frå 01.05.22 følgjande fastlegar:

Kommunelegekontoret, Gamlevegen 4, tlf 32 02 92 00:

Anne Marie G Vedde                                   
Lars Christian Sandaker
Eivind Vedvik
Frode Emil Frøyland
Christoffer Ellingsrud
Ingvild Skølt
Jens Petter Nordang

Helge Anders Feet  Allmennpraksis Gol, Sentrumsvegen 101, tlf 32 07 51 40

Bytte av fastlege

Bytte av fastlege gjer du på helsenorge.no

Turnuslegar

Vi har også turnuskandidat (LIS1-lege) som arbeider under veiledning.
Det kjem nye LIS1-legar kvar 1. september og 1. mars

Timebestilling og telefontid

Timebestilling

Telefon 32 02 92 00 - gje beskjed dersom du har endra adresse eller telefonnummer 

Telefontid

Telefontid må bestillast frå morgonen av den dagen du vil at legen skal kontakte deg. Telefontida er berekna på korte problemstillingar, ev. svar på prøver(etter avtale med legen). Ordinær timebestilling skal avtalast med legesekretærane. Legen ynskjer stikkord om kva konsultasjonen gjeld, for å kunne prioritere kven som må ringast til. Dette er viktig fordi telefonlistene ofte blir så lange at legen ikkje rekk å ringe alle på lista.

Konsultasjon, laboratorieprøvar og reseptar

Konsultasjon

Det er i hovudsak sett av inntil 20 minutt pr. konsultasjon. Har du eit meir samansett eller omfattande problem ber vi deg gi beskjed om det når du bestiller timen. Fyrste gongs konsultasjon for gravide må be om dobbelt time.

Laboratorieprøvar

Blodprøver, urinprøver og anna kan takast utanom konsultasjon, men då helst mellom kl 08:00 og 12:00 måndag, onsdag,torsdag og fredag, og mellom kl 09:00 og 12:00 på tysdag.

Reseptar

Vi ber om at du fornyar resepten i god tid før du går tom for medisin. Me har elektroniske reseptar, så bestilte reseptar kan no hentast direkte på apoteket.

Betaling og frikort

Betaling

Betaling skjer med Vipps eller bankkort. Du får SMS med link når du er ferdig med konsultasjonen. Dersom du betalar innan 48 timar, slepp du gebyr. Betalingslenke kan sendast til pårørande eller førsette når du gir beskjed om det. Du kan også få faktura.

Frikort

Mer informasjon på finn du på helsenorge.no/frikort

Kjernejournal

Kjernejournal er ein ny elektronisk løysning som samlar viktige helseopplysningar, og gjer dei tilgjengeleg for både innbyggjarane og helsepersonell.
Kjernejournalen skal sørgje for at fastlegen, helsepersonell på sjukehus, legevakt og spesialistar får tilgang til lik og oppdatert informasjon om pasienten. I situasjonsar der det hastar, kan rask tilgang til opplysningar gi betre behandling og i ytterste konsekvens redda liv.
For pasienten sjølv kan kjernejournal også bety betre innsikt i kva legemidler han eller ho skal bruke, og at ein kan leggje inn eigne registreringar om pårørande, sjukehistorie eller andre forhold av betydning for behandlinga.
Eit viktig formål med kjernejournalen er å unngå feilbehandling som følgje av manglande eller gale helseopplysningar.
Som innbyggjar finn du din kjernejournal ved å logge deg inn med din elektroniske ID på helsenorge.no. Alle innbyggjerane oppfordrast til å gjere seg kjent med sin kjernejournal, og legge inn relevante opplysningar.

Doktor Feet sitt kontor

Kontoret er opent måndag, tysdag, torsdag og fredag. Onsdag er det stengt.

Adresse Sentrumsvegen 101, 3550 Gol
Telefon 32 07 51 40

Health services

The municipality offer various health services such as public health center, medical center, school health services and physiotherapy.

Visiting address to medical senter and public health center in Gol:
Gamlevegen 4

Opening hours:
Weekdays 08.00 - 15.30, monday,wednesday,thirsday and friday.
Thuesday the opening hours are 09:00 -15:30.
Phone 32 02 92 00

If you are in need of medical help in the evening/night call 116 117