Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Koronainformasjon

Utdeling av sjølvtest på baksida av kommunehuset 9-15 måndag til fredag

Nasjonale retningslinjer Covid-19

Nasjonale retningsliner finn du i lenkene under: 

Kva skal du gjere viss du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med Covid-19?
  • Ta ein sjølvtest. Den kan du får gratis på kommunehuset
  • Hald deg heime så lengje du er sjuk. Ved lette symptom kan du forhalde deg som normalt.
  • Dersom du har behov for PCR test, kan du ringje til legekontoret på telefon 32 02 92 00

Typiske symptom på Covid-19 kan være

Oppmøtestad dersom du ynskjer PCR test
  • Bruk sjølvtest dersom du mistenkjer at du har covid 19.
  • Dersom du har tre vaksinedosar eller to dosar og har gjennomgått covid 19 i løpet av dei siste tre månadene, treng du ikkje ta PCR test
  • Dei som må teste seg med PCR test kan ringje legekontoret på telefon 32 02 92 00.
  • Det er testing måndagar og onsdagar klokka 11.00
  • Møt opp på baksida av Gol legekontor
  • Dersom du skal ut og reise og har behov for dokumentasjon på test, må du betale 625 kroner

Informasjon frå helsenorge.nor

Kor finn du svar på Covid-19 test?

Svaret på din Covid-19 test finn du på helsenorge.no

Dersom du ikkje får SMS eller epost om innkalling til vaksine, kan det vera fordi du ikkje har kryssa av for dette inne på din brukar på Helsenorge.
Gå inn på Profil og innstillingar / Kontaktinformasjon / Hvordan skal Helsenorge varsle deg? / Varseloppsett.

 

Har du tatt sjølvtest og fått positivt svar?
  • hald deg heime så lengje du er sjuk. Ved lette symptom kan du forhalde deg som normalt
  • registrer deg elektronisk på Remin 
  • Dersom du har tre vaksinedosar eller to dosar og har gjennomgått covid 19 i løpet av dei siste tre månadene, treng du ikkje ta PCR test.

Testing, karantene og isolasjon - helse.no

Isolasjon ved koronasmitte

Sjekkeliste dersom du har testa positivt

Vaksinering mot Covid-19

Gol kommune følgjer Folkehelseinstituttet (FHI) sine anbefalingar og tilbyr oppfriskningsdose med koronavaksine før komande haust/vintersesong til:

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre.
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorlig sjukdomsforløp.
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom.
  • Gravide i 2. og 3. trimester.

Dette vil for dei fleste være dose 4, men for enkelte med alvorlig svekka immunforsvar vil det væra dose 5.
Anbefalt intervall sidan forrige vaksinedose bør væra minimum 4 månader. Det er også fortsatt mogeleg å få time til vaksinering med 1.dose, 2.dose og 3.dose.

Ring vaksinetelefon dersom du ynskjer vaksine, telefon 457 23 560, tysdag og torsdag frå klokka 09.00 - 11.00
Neste vaksinering blir  09.11.2022.
Vaksineringa vil føregå på Gol bedehus.

Informasjon om korona på andre språk

Andre språk - other languages