Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Helsetilbod for barn og unge

Frå og med juni 2022 kan du kontakte helsestasjonen på nett via Helsenorge. Du kan be om og avbestille timar, få oversikt over avtalar og du kan få oversikt over vaksinene til barnet ditt.

Helsestasjontenester på Helsenorge

Helsestasjonen har for tida ikkje kapasitet til å tilby reisevaksine.

Dersom du skal ut og reise og har behov for reisevaksine, kan du først finne informasjon og bestille resept på nettet.

Dette kan du gjera på  eVaksine.no | Ny ordre.

Deretter kan du gå til eitt av apoteka våre for å få sett vaksinen.

Opningstider

Mandag til fredag frå kl.09.00 - 15.00

Felles telefon til helsestasjon 32 02 92 15

Helsestasjon arbeider for ein helsefremmande oppvekst og livsstil.

På helsestasjonen kan foreldre og føresette koma og få råd og rettleiing i spørsmål som har med barn og gjera. Barna blir vegd og målt for å sjå at dei veks og trivs, og de får tilbod om vaksinasjon av barna i samsvar med det norske vaksinasjonsprogrammet. Heile helsestasjonstilbodet er gratis

Samarbeid foreldre/føresett og helsestasjon

Helsesøster og helsestasjonslege vil i samarbeid med foreldre observere og undersøkja at barnet er friskt og utviklar seg som det skal. Er det noko de som foreldre eller vi på helsestasjonen lurar på i barnets utvikling, kan det vera aktuelt å ta kontakt med ein eller fleire av våre samarbeidspartnarar som t.d. fysioterapeut, PPT, barnevern og tannhelsetjenesten Nokon gonger kan det vera behov for at barnet blir tilvist til spesialist eller sjukehus.

Timebestilling

Ved dei fleste av besøka på helsestasjonen vil de få tilbod om ein individuell time. Dersom de ikkje har fått ein ny time hjå oss når de har vore her, vil de få ein time tilsendt i posten når det nærmar seg neste konsultasjon. Helsestasjon tek kontakt når vi har fått beskjed frå sjukehuset om fødselen.

Heimebesøk og treff

Helsestasjonen får beskjed frå sjukehuset om fødselen. Jordmor kjem på heimebesøk innan 3-4 døgn etter heimkomst. Helsesøster kjem på besøk innan 2 veker etter heimkomst.
Alle foreldre blir invitert til ettertreff i løpet av dei fyrste vekene etter fødselen. Vi har også tematreff ca.1gang pr. månad, der me har ulike tema og sosiale samvær.

Utlån

For mødre med ammeproblem kan vi låne ut brystpumpe. Her må det betalast kr. 100/200 for brystpumpesett, avhengig av type.

Vaksinasjon

Vaksinasjon går føre seg på helsestasjon og i skulehelsetenesta. Den begynner vanlegvis når barnet er 6 veker gamalt . Les meir om barnevaksinasjon.

Gratis HPV- vaksine til kvinner født i 1991 og seinare

Alle kvinner som er født i 1991 og seinare, får tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirius (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Meir info her.

Kontaktinformasjon

Gol helsestasjon
Telefon 32 02 92 15

Epost postmottak@gol.kommune.no