Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Omsorgsbustader

Kva er omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som skal bidra til at bebuaren skal kunne bu i eigen heim så lenge det er mogleg - gjerne livet ut.

Tilbodet om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt dvs. at ein har noko rettskrav på å få tildelt omsorgsbustad. Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim og det følgjer ikkje heimetenester med bustaden.

Det medføre at alle bebuarane i omsorgsbustad må søkje om ordinære heimetenester (heimehjelp, heimesjukepleie og matombringing) etter behov.

Ved prioritering av kven som skal få tilbod om omsorgsbustad blir det foreteke ein heilheitsvurdering av søkjarens busituasjon og behov for bistand. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte eit vedtak om tildeling av omsorgsbustad.

For å sikre at vi tildeler omsorgsbustad til dei som treng det, vurderar vi nøye om søkjar er i stand til å skaffe seg bustad sjølv. Det skal vere vurdert andre bustadsløysingar, slik som utbetring av eksisterande bustad eller kjøp/leige av bustad på det åpne marked.

Det er mogleg å søkje grunnlån (utbedringstilskot/-lån) i Husbanken. Dette er behovsprøvd.

Omsorgsbustadane i Gol kommune er utleigebustader. Utleigar er avdelinga bygg og drift i Gol kommune. Tenestemottakarar som får tilbod om omsorgsbustad inngår derfor eit leigeforhold med avdelinga bygg og drift.

Kriteriar for tildeling

Brukaren har helsesvikt, eller er fysisk / psykisk funksjonshemma og dagens bustad er lite funksjonell.

  • Bustaden kan føre til ny- eller vidareutvikle ein allereie helsesvikt.
  • Bustaden gir lite rom / moglegheit for mobilisering og utnytting av fasilitetar.
  • Bustaden gir lite rom / moglegheit for utnytting av eigen omsorgsressurs.
  • Bustaden gir lite rom for tekniske hjelpemiddel / innretningar.
  • Bustadsituasjonen aukar omsorgsbehovet og dermed overforbruk av personalressursar.
  • Bustadsituasjonen gir vanskeleg arbeidsforhold for hjelpepersonell.

Brukaren bur hos foreldre / pårørande og desse har gitt omsorg som dei no ikkje
ynskjer / ikkje er i stand til å vidareføre.

Bustadens eigeforhold, beliggenhet og utforming gjer det uaktuelt og setja i verk tiltak med hensyn til forbetring / rehabilitering.

Søknader vert behandla av tildelingsteamet

Tildelingsteamet består av:

  • Leiar for tildelingskontoret
  • Avdelingsleiarane
  • Fagleiar fysio- og ergoterapi
  • Fagleiar psykisk helseteneste
  • Kommuneoverlegen
  • Kommunalsjefen ved behov

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF)

Husleige for trygdebustad
Namn Husleige per månad
Elgfaret 4A - 1.etg. kr. 7 000.-
Elgfaret 4B - 1.etg. kr. 7 000.-
Elgfaret 4C - 1.etg. kr. 5 550.-
Elgfaret 4D - u.etg. kr. 7 000.-
Helsetunvegen 6 - 1.etg kr. 7 000.-
Helsetunvegen 8 - 1.etg kr. 7 000.-
Helsetunvegen 10 - u.etg kr. 7 000.-
Helsetunvegen 12 - u.etg. kr. 7 000.-
Helsetunvegen 14 - 1.etg. kr. 5 960,-
Helsetunvegen 16 - 1.etg. kr. 7 000.-
Helsetunvegen 18 - u.etg. kr. 7 000.-
Helsetunvegen 20 - u.etg. kr. 7 000,-
Husleige for omsorgsbustad

Omsorgsbustader merka med * har felles straummålar. Det kjem
kr. 1 000,- i tillegg pr. mnd. for fastpris på straum (eks. mva)

Namn Husleige per månad
Breidokkgutu 4 * kr. 7 000,-
Breidokkgutu 6 og 8 kr. 7 000.-
Furuvegen 13 A - H kr. 7 000.-
Helsetunvegen 2A og 2D kr. 7 350.-
Helsetunvegen 2B og 2C, 30, 32, 38 og 40 kr. 7 000.-
Helsetunvegen 24A - underetajse kr. 7 000.-
Helsetunvegen 24B og 26A og B kr. 7 000.-
Helsetunvegen 36 og 42 kr. 7 000.-
Rundingen 9A * kr. 6 310,-
Rundingen 9C og D * kr. 6 560,-
Rundingen 11A og H kr. 7 000.-
Torstadvegen 16 og 18 * kr. 7 000,-
Husleige for utleigebustader
Namn Husleige per månad
Breidokkgutu 10, 2. etg. (inkl. straum) kr. 5 050,-
Breidokkgutu 10, underetg. (inkl. straum) kr. 5 770.-
Tuppeskogvegen 143 (Fikkelsletten 2) kr. 6 700.-
Kontaktpersonar

Ansvarleg for bustaden

Cecilie Pindsle

Tlf. 917 10 430

E-post: cecilie.pindsle@gol.kommune.no

Ansvarleg for tildeling

Olveig Engene

Telefon: 916 73 943

E-post: olveig.engene@gol.kommune.no