Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Fysio- og ergoterapitenesta

Om du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan ein fysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde funksjonsevna di. Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.

Fysioterapeutar

Atle Handeland
Avd.leiar
Tlf.476 05 842

Hilda Lindberg
Kommunefysioterapeut
Tlf. 900 91 542
Arbeidstid:
Måndag 08.00 - 11.30
Tysdag   08:00 - 15.30
Torsdag  08:00 - 15.30

Jenny Bårdsen
Kommunefysioterapeut
Tlf. 408 01 967
Arbeidstid:
Måndag 12.00 - 15.30
Onsdag   08.00 - 15.30
Fredag    08.00 - 15.30

Eline D. Helland
Kommunefysioterapeut
Tlf. 477 01 258
Fri kvar fredag

Åse Ingunn Midtgård
Ergoterapeut og syns og hørselskontakt
Tlf. 916 73 967
Arbeidstid:
Måndag 09.00 - 16.00
Tysdag   09.00 - 16.00
Torsdag  09.00 - 16.00

Fysioterapi

Om du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan ein fysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde funksjonsevna di. Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.

Fysioterapeuten kan:

  • Undersøke og kartlegge tilstanden din.
  • Gje ulike behandlings- og treningsformer.
  • Gje råd og rettleiing om forebyggande og helsefremjande tiltak.
  • Formidle hjelpemiddel.

Fysioterapitenesta i Gol kommune omfattar tiltak for born, vaksne og eldre.
Tenesta kan gjevast på fysikalsk institutt, på institusjon, i barnehage og skule, eller i brukarens heim.

Fysioterapeutar deltek i tverrfagleg rehabilitringsarbeid, førebyggande arbeid og i utarbeiding av Individuell plan. Tenesta har tre kommunefysioterapeutar og tre privatpraktiserande fysioterapeutar med avtale om kommunalt driftstilskot.

Frå 1.januar 2018 treng ikkje pasientar lenger tilvising frå lege, manuell terapeut eller kiropraktor for å få stønad til fysioterapi. Dette betyr at pasientar som har behov for fysioterapi kan oppsøke fysioterapeut direkte. Det er fortsatt eit krav for stønad at pasienten går til fysioterapeut som har driftsavtale med kommuen.

Eigenandel på behandling er fastsett i avtale mellom Norsk Fysioterapiforbund og Staten. Som hovudregel må du betale eigendel som tel med i oppteninga til frikort for eigendelstak 2.
 
Frå 1.januar 2017 må alle betale eigendel for behandling for fysioterapi. Diagnoselista som tidligare ga rett til gratis fysioterapi vart avvikla.
Born under 16 år og personar med yrkesskade er friteken for eigendel.

Ta kontakt med fysioterapeut på telefon eller ved personleg frammøte for bestilling av time.

Ergoterapi

Har du vanskar med å greie daglege gjeremål fordi du er sjuk eller skada, eller har nedsett funksjonsevne av andre årsaker, kan du få hjelp av ein ergoterapeut.

Ergoterapeuten kan:

  • Kartlegge funksjonsevna di og gi deg hjelp til å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar.
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel.
  • Tilrettelegge det fysiske miljøet heime, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen.
  • Koma med innspel til kommunale planar og byggesaker når det gjeld universell utforming.

Tenesta er gratis.

Prisar, eigenandel, frikort

Når du går til fysioterapeut eller manuellterapeut, får du dekka deler av utgiftene dine til behandlinga. Som hovedregel må du betale en eigenandel som tel med i opptjeningen til frikort for eigenandelar. Barn under 16 år og personar med yrkesskade er friteken for eigenandel.

Meir informasjon om frikortordninga og eigenandelar finnast på helsenorge.no

Norsk fysioterapeutforbund - kva er fysioterapi

Prisar - eigenandel

Norsk fysioterapiforbund - eigenandel

Betaling og frikort

Fysioterapeutar med driftsavtale i Gol Kommune

Jan Kattenberg

Telefon: 909 37 351

E-post: jan@kattenberg.no

Adresse: Kattenberg fysioterapi, Rundingen 7A, 3550 Gol (Underetasjen Gol Helsetun).

Jan har tilleggskompetanse innan ultralyddiagnostikk, trykkbølgebehandling og tilpassing av innleggssåler.

Ida Margrethe Rump

Telefon: 975 82 145

E-post: ida.rump@enivest.net

Adresse: Rundingen 7A, 3550 Gol (Underetasjen Gol Helsetun).

Ida er psykomotorisk fysioterapeut

Her kan du lese om kva Ida kan hjelpa deg med

Hilde Løkken

Telefon: 918 03 919

E-post: hilde.lokken@gmail.com

Adresse: Gol fysikalske institutt, Sentrumsvegen 60, 3550 Gol (Gjensidigebygget).

Hilde har lang erfaring med barnefysioterapi og er hovedkontakt for oppfølging av barn i alderen 0-6 år.

Hjelpemiddel

Korttidsutlån

Dersom du bur eller oppheld deg i kommunen og har behov for hjelpemiddel i ei kortare periode, kan du låne dette frå det kommunale korttidslageret. Det er fysio- og ergoterapitenesta som administrerer. Fullt namn, adresse og fødselsdato til den som låner hjelpemidlet skal oppgis. 

Du kan låne hjelpemidlar som rullator, rullestol, toalettstol, toalettforhøyar, dusjkrakk, trykkavlastande madrass m.m. Ta kontakt ved spørsmål.

Lånetida er 3 månader, med muligheit for forlenging.

Hjelpemidlar som ikkje er i bruk leverast tilbake i reingjort stand så snart som mogleg, slik at nye brukerar får nyte godt av tilbodet. Ein sørger sjølv for at hjelpemiddelet blir levert tilbake, i reingjort stand. Ta kontakt dersom du ikkje får levert hjelpemiddelet tilbake til avdelinga, så kan vi være behjelpelige.

Det er gratis å låne hjelpemidlar.

Langtidsutlån

Har du varig (over 2 år) behov for hjelpemidler, ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta som sørgjer for utgreiing og søknad vidare til NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud.

Hjelpemiddelbehovet vurderast av ein ergoterapeut eller fysioterapeut saman med brukar og/eller pårørande.

Terapeuten i kommunen har ansvar for å grunngje hjelpemiddelbehovet i søknaden (som sendast til  NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud), og for at opplæring i bruk av hjelpemidlane blir gjeve.

Vi gjer oppmerksam på at behandlingstida på hjelpemiddelsøknader kan vera opptil fleire veker.

Vaktmeister eller terapeut tek kontakt med brukar/pårørande når hjelpemidla er komne.

NAV - hjelpemiddelsentral

NAV hjelpemiddelsentral i Vester-Viken

Trening for seniorar 65+

Trygg på to bein

Fysio – og ergoterapitenesta i Gol kommune har eit treningstilbod til eldre heimebuande personar som er i risikogruppa for fall. Føremålet er at eldre skal oppretthalde best mogleg funksjon i kvardagen.

I grupper på 6 peronar trenast styrke og balanse to gonger i veka over ein periode på tre månader.

Gruppene vert leia av fysioterapeut.

Pris

Det er eigenandel på dette tilbodet. Eigenandelen fylgjer Norsk Fysioterapiforbund sin takstplakat.

Kontaktpersonar

Atle Handland
Telefon 47 60 58 42
Epost: atle.handeland@gol.kommune.no

Jenny Bårdsen
Telefon 40 80 19 67
Epost: jenny.bardsen@gol.kommune.no

Sterk og stødig

Synes du at du greier mindre i dag enn for 1 år sidan? Ynskjer du å bli sterkare og stødigare? Sterk og Stødig er trening i gruppe for deg som er 65 + som er begynt å merke at du av og til er litt ustø. Du må kunne gå utan hjelpemidlar innandørs. Treninga foregår ståande, og me fokuserar på styrkeøvingar for beina og balansetrening.

Er du eller ein du kjenner i målgruppa så kan du ta kontakt med underteikna for ein uforpliktande prat om viktigheita av fysisk og sosial aktivitet i alderdommen og våre aktivitetstilbod for eldre.

Pris

Kr. 300.- pr halvår

Kontaktperson

Atle Handeland
Telefon 47 60 58 42
Epost: atle.handeland@gol.kommune.no