Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friskliv

Friskliv i Gol kommune

Friskliv i Gol kommune er ein kommunal helseteneste for innbyggarane i Gol. Tilbodet rettar seg mot personar som ynskjer å endre levevanar og betre helsa for den enkelte.
Det er eit lærings - og meistringstilbod for personar med lidelsar som har stor utbredelse i befolkninga. Den er med på å styrke "brua" mellom medisinsk behandling og eiga meistring. Fokuset er å bidra til å auke meistring og fremja fysisk, psykisk og sosial helse.

Friskliv har ulike tilbod til barn, ungdom og vaksne. Her kan du være med på aktivitetar og få oppfølging tilpassa deg og dine utfordringar. 

Tilbod på Frisklivssentralen

Fysisk aktivitet
Røyk - og snusavvenningskurs
Hjelp med endring av kosthold
Meistring av søvnutfordringar

Helserelaterte kurs i Hallingdal

Friskliv er på Gol idrettsarena. 

Følg oss på facebook

Tilvising og resept

Fastlege og anna helsepersonell kan henvise deg til friskliv. Du kan også ta direkte kontakt med oss.
Ein resept varar i 3 månader og har ein eigenandel på 300 kroner. 

Tilsette og kontaktinformasjon

Finn - Terje Bøe
Telefon 470 10 583
Epost finn-terje.boe@gol.kommune.no

Jenny Bårdsen
Telefon 408 01 967
Epost jenny.baardsen@gol.kommune.no

Hilda Marie Lindberg
Telefon 900 91 542
Epost hilda.lindberg@gol.kommune.no