Vaksne som ikkje har eller ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde vedlike grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.
Opplæringa og undervisingsmateriellet er gratis.
Det kan væra ulike grunnar til at du har behov for spesialundervisning
- Afasi
- Dysleksi
- Lærevanskar
- Manglande grunnskuletilbod i ungdommen
- Annan sjukdom eller skade som gjer at du treng opplæring
Dersom du har særskilde behov for tilrettelagt undervisning, kan du søkje kommunen om dette, anten det er snakk om opplæring i kunnskap du har "mista", eller det er snakk om nyinnlæring.
Du vil då få einetimar, eller undervisning i små grupper.
Undervisninga kan omfatte alt frå grunnleggjande lese- og skriveopplæring til læring om personleg økonomi.
PPT må gjera ei sakkunnig vurdering som vurderer behov og rett, og med bakgrunn i den, vil det bli gjort enkeltvedtak om opplæring.
Det blir utarbeidd individuell opplæringsplan for kvar elev.
Søknader blir handsama fortløpande.
Andre kommunar kan kjøpe tenester frå Gol kommune. Alle søkjarar må søkje i eigen kommune.
Undervisninga er gratis.
Her kan du lesa meir om Utdanningsdirektoratets veiledning om tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging (udir.no)
Søknad om opplæring i grunnleggende ferdigheter eller spesialundervisning (.docx)