Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Rett til spesialundervisning

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne , har rett til spesialundervisning

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik, har rett til slik opplæring

Formuleringane ovanfor er kva opplæringslova seier om slik opplæring i §4a-2 (lovdata.no).

Det er viktig å merke seg at retten til spesialundervisning fylgjer av retten til grunnskuleopplæring etter 4A-1 (lovdata.no).

Du må altså ha rett til grunnskuleopplæring for å ha rett til spesialundervisning.

Dei 3 kriteriane for rett til grunnskuleopplæring er:

Dersom du både er over 16 år og har gjennomført vidaregåande opplæring, er det berre punkt 3 som står att og vurdere - "Du treng grunnskuleopplæring"

Det kan være vanskeleg å sjå skilnaden mellom opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning. Opplæring i grunnleggande ferdigheiter er ordinær opplæring på lågt nivå, eller tilpassa opplæring.

Spesialundervisning er noko anna. Det kan være at du til dømes har lærevanskar som gjer at du ikkje kan fylgje ordinær opplæring.

Alle som har rett til det og som startar med grunnskuleopplæring eller med opplæring i grunnleggande ferdigheiter blir vurdert med tanke på om dei har behov for spesialundervisning.

I fall det er slik, blir du meldt opp til PPT som gjer ei undersøking. Undersøkinga munnar ut i ei sakkunnig vurdering som vurderer retten og behovet.

Om det er slik at eleven har rett og behov, blir det fatta nytt vedtak om opplæring etter §4A-2 (lovdata.no). 
Slike vedtak blir fatta for eit år av gangen.

Her kan du lesa meir om Utdanningsdirektoratets veiledning om spesialundervisning for vaksne (udir.no).

Søknad om opplæring i grunnleggende ferdigheter eller spesialundervisning (.docx)