vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskuddsportalen

Tilskuddsportalen - Nytt verktøy for å søke midlar i forhold til prosjekt.

Gol kommune har no tilgang til Tilskuddsportalen. Tilskuddsportalen er eit effektivt støtteverktøy for å søke tilskot til ulike prosjekt. Samtidig er dette ei god løysing for å få med både tilsette og frivilligheita i søken etter tilskot og ekstern finansiering.
Det blir etterkvart tilbod om tilskuddskurs, eit for tilsette i Gol kommune og eit for lag og foreiningar. Kursa varar vanlegvis 2 timar.
Vi kjem tilbake med tidspunkt for kurs når dette er på plass og korona-situasjonen gjev moglegheit for det.

Har du allereie eit prosjekt og ynskjer å søke tilskot no?
Det er mogleg å bruke Tilskuddsportalen alt i dag.
For spørsmål og hjelp ang. søknad ta gjerne kontakt med Trond, leiar på Frivilligsentralen.

 

Lag og foreiningar

  • Når det gjeld lag og foreiningar, så må de gå til Tilskotsportalen og søkje opp Gol, og velje  «Lag og foreiningar». Når eit lag/foreining registrerar seg på Tilskotsportalen, mottek vår supportavdeling automatisk forespurnad om tilgang.
  • Dette blir manuelt sjekka og tilgangen blir vanlegvis gitt innan ein arbeidsdag.
  • Vi gir tilgang dersom det er eit veldedig lag eller foreining, at foreininga er registrert med adresse i kommuna, eller at det er eit styremedlem eller ein annen relevant person i foreininga som ber om tilgang.  Vi gir tilgang til inntil 3 stk per lag/foreining. 
  • Informasjonsbrosjyre Tilskotsportalen lag og foreiningar

Her finn du instruksjonsvideo om den nye portalen

 

Kommuneansatte

  • Alle kommuneansatte må registrera seg før bruk, dette gjer de ved å gå inn på  Tilskotsportalen og søkjer opp Gol. 
  • Brukarnavnet er den vanlege jobb-epostadressen (navn@gol.kommune.no) og etter registrering mottek den ansatte ein epost fra oss med ein aktiveringslenke som ein må klikke på for å aktiver kontoen (sjekk event. søppelpost).
  • Hvis det er nokon andre ansatte med ein annen epostadresse enn navn@gol.kommune.no som skal ha tilgang til ansattportalen, så kan administrator invitere inn desse.
  • Instruksjonar ligg i dette vedlegget.