Treng du hjelp til småjobbar?
Er det arbeid du treng hjelp til?
Det kan væra snørydding, plenklypping og anna hagearbeid, støvsuging, bilvask, rydding, småreparasjonar eller kanskje følgje til butikk eller lege.
- kort sagt ting du sjølv har problemer med i kvardagen, og som er av ein slik art at ein amatør kan utføre det.
Dette kan du få hjelp til
- vindusvask/gardinoppheng- støvsuging
- grasklypping/beskjæring av busker/rake lauv
- planting/luking/vatning
- trefelling/vedarbeid
- bilvask/hjulskift
- hjelp til å handle
- fylgje til lege/tannlege
- syhjelp
- rydding av loft/kjellar
- transport av gods/materiale
- rensing av takrenner
- staking av vask
- snømåking/strøying
- snekring/møbelreperasjonar/måling
- bytte sikring/batteri/lyspære
- juridisk rådgjeving
- hjelp med data
Småjobben i Gol kan truleg hjelpe deg!
Ei gruppe golingar med tid og lyst til å ta eit tak, står klar for å hjelpe eldre og funksjonshemma mot ei timebetaling på kr. 150,- Er det behov for å bruke bil, må småjobbaren sjølvsagt også ha godtgjerdsel for det.
Ynskjer du hjelp ring i telefontiden
Tysdag og onsdagar mellom kl. 10:00 og 12:00
Telefonnummeret er : 408 01 968
Vi held stengt i jule - og nyårshelga, i påskeveka og i juli månad.
Statistikk for småjobben pr 16.10.2017
Småjobben har no snart vore i drift eit års tid.
Oppsummering av utførte jobbar.