vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Integreringstenesta

Innvandrartenesta

Innvandrartenesta i Gol kommune består av integreringsteneste og vaksenopplæring. Integregreringstenesta held til i Gol kommunehus, medan Vaksenopplæringa held til i Læringssenteret Hallingdal, tidlegare Gol ungdomsskule.

Integreringstenesta

Integreringstenesta har ansvar for busetting, å leggja til rette for og bistå i arbeidet med integrering av flyktningar med opphaldsløyve; herunder arbeid med integrering av flyktningar på tvers av fagmiljø og arbeid for å fremja eit inkluderande lokalsamfunn på tvers av kulturbakgrunn i kommunane Gol og Hemsedal.

Vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa ved Hallingdal Læringssenter har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for busette flyktningar og familiesameinte i Gol, Hemsedal, Nes og Flå kommune. Vaksenopplæringa tilbyr også norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og andre med behov for å læra norsk språk.

Integrering av flyktningar i lokalsamfunnet

Etter oppmoding frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), har politikerane i Gol og Hemsedal vedtatt å busette til saman 28 flyktningar i løpet av 2021.

I tillegg til at norskopplæringa har ei sentral rolle i at flyktningar og innvandrerar generelt skal kunne   

integrerast på best mogeleg måte, er arbeidet med integrering eit breitt felt der ulike etatar, næringsliv, fagfelt og organisasjonar treng å arbeide samen for eit felles mål: å få så gode kunnskapar som mogleg om det norske samfunnet, å kunne delta aktivt i samfunnslivet og å få ei varig tilknytning til norsk arbeidsliv. Å kunne treffe andre innbyggjerar og å delta i fritidsaktiviteter arrangerte av frivillige lag og organisasjonar, er av stor verde.

Dei aller fleste flyktningane som i dag blir busette i Hallingdalskommunane og i landet for øvrig er kvoteflyktingar (overføringsflykningar) som kjem direkte til kommunen dei har vorte tildelt, frå blant andre Eritrea, Kongo og Syria.

Å integrere flyktningar i lokalsamfunnet vårt krev eit systematisk arbeid, både her og no og på lang sikt.

Overgangen er for mange krevande, og me oppmodar alle om å ta godt imot både nye og tidlegare ankomne flyktningar og innvandrerar.