vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Venskapskommunar

Venskapskommunesamarbeidet

Har som føremål å fremje venskap og forståing mellom kommunane, skape kontakt mellom innbyggjarane i kommunane samt utveksle kunnskap og erfaringar kommunane imellom.

Venskapskommunesamarbeidet skal skje gjennom kontakt mellom eksempelvis kommunale utval og kommuneadministrasjonen, skular, næringsliv, frivillige organisasjonar og enkeltpersonar.

Venskapskommunesamarbeidet kan omfatte område som kultur, historie, utdanning, miljø, næringsliv, idrett og turisme.

Venskapskommunar

Town of Bracebridge

Town of Bracebridge ligg i distriktet Muskoka i Canada. Under 2. verdskrigen husa distriktet Vesle Skaugum - ein kombinert rekruttskule og fritidsleir for mannskapa som var i Camp Little Norway. Som "erstatning" for Vesle Skaugum i Muskoka blei Vesle Skaugum på Golsfjellet opna i 1953.

Som vertskapskommunar for Little Norway og Vesle Skaugum har Town of Bracebridge og Gol kommune inngått ei avtale om venskapssamarbeid. Les avtala her.

Her finn du meir informasjon om Town of Bracebridge.

Gol formannskap nedset venskapskomite for Gol - Bracebridge for perioden 2012 - 2015 med slik samansetjing:
  • Hallvor Lilleslett
  • Jan Halvard Brekko
  • Aud Ingun Narum, Rotary Gol
  • Knut Fossum, Vesle Skaugum
  • Frode Bjelland, Gol Reisemål
  • Kjetil Storebråten

Sekretær: Mads Elbrønd

Meir informasjon finn du her:

Bracebridge, Ontario - The Heart of Muskoka

Vesle Skaugum

Kontaktinformasjon

Venskapskommunekontakt i Gol:
Mads Elbrønd
Gol kommune
Gamlevegen 4
3550 Gol
Tlf. 00 47 32 02 90 00

Venskapskommunekontakt i Årjäng
Owe Lindström
Årjängs kommun
Storgatan 66 , SE-672 29 Årjäng
Tfn: 00 46 0573-141 00