Er du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å beveg deg over lange strekker, kan du søkje om parkeringsløyve for forflytningshemma.
Kva er parkeringsløyve
Parkeringsløyve blir gitt til bilførar eller passasjer som har særlege behov for parkeringslette ved heimebustad, arbeid og anna aktivitet.
Den gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass.
Parkeringsløyve følgjer eigaren av parkeringskortet, og ikkje køyretøyet.
Kven kan få
Du kan søkje om parkeringsløyve, om du oppfyller eit eller fleir av krava under.
- Du må ha store forflytningsvanskar, som må dokumenterast med ein legeeklæring.
- Du har særlege behov for parkeringslette nær heimebustad, arbeid eller anna aktivitet.
- Du må bu i Gol kommune.
Slik søkjer du
Du søkjer om parkeringsløyve ved å fylle ut søknadsskjema.
Dokumentasjon til søknad
- Legeerklæring
- Passbilde
Kor skal eg sende søknaden
Gol kommune
Gamlevegen 4, 3550 Gol