vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sjølvhjelp i Hallingdal

Selvhjelp i Hallingdal er eit nettverk med samhandling mellom kommunane i Hallingdal for å fremje sjølvhjelp og sjølvhjelpsgrupper.
Eit samarbeid mellom fag og frivilligheit lokalt og Selvhjelp Norge nasjonalt.
For å synleggjera dette har me utarbeida ein brosjyre med illustrasjonar og kontaktinfo som kjem i postkassa til alle husstandar i Hallingdal 16.desember.
I tråd med podcasten Gullet i dritten er målet å gjera sjølvhjelp meir tilgjengeleg, auke kunnskapen om sjølvhjelpsgupper som verktøy for livsmestring, samt senke terskelen for å ta kontakt.

Nettverket har mange idear for å synleggjera seg lokalt i Hallingdal i det komande året 2022.

Er du nysgjerrig på kva dette er, og kva det kan bety for deg?
Slå på trå’n, send sms eller e-post til ein av våre kontaktar; du finn dei i brosjyra her.