Kva er omsorgsbustad
Ein omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som skal bidra til at bebuaren skal kunne bu i eigen heim så lenge det er mogleg - gjerne livet ut.
Tilbodet om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt dvs. at ein har noko rettskrav på å få tildelt omsorgsbustad. Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim og det følgjer ikkje heimetenester med bustaden. Det medføre at alle bebuarane i omsorgsbustad må søkje om ordinære heimetenester (heimehjelp, heimesjukepleie og matombringing) etter behov.
Ved prioritering av kven som skal få tilbod om omsorgsbustad blir det foreteke ein heilheitsvurdering av søkjarens busituasjon og behov for bistand. Eit tildelingsteam i kommunen er ansvarleg for behandling av søknaden og å fatte eit vedtak om tildeling av omsorgsbustad. For å sikre at vi tildeler omsorgsbustad til dei som treng det, vurderar vi nøye om søkjar er i stand til å skaffe seg bustad sjølv. Det skal vere vurdert andre bustadsløysingar, slik som utbetring av eksisterande bustad eller kjøp/leige av bustad på det åpne marked. Det er mogleg å søkje grunnlån (utbedringstilskot/-lån) i Husbanken. Dette er behovsprøvd.
Omsorgsbustadane i Gol kommune er utleigebustader. Utleigar er avdelinga bygg og drift i Gol kommune. Tenestemottakarar som får tilbod om omsorgsbustad inngår derfor eit leigeforhold med avdelinga bygg og drift.
Tildelingsteamet
Tildelingsteamet består av:
Leiar for tildelingskontoret
Avdelingsleiarane
Fagleiar fysio- og ergoterapi
Fagleiar psykisk helseteneste
Kommuneoverlegen
Kommunalsjefen ved behov
Trygde- og omsorgsbustader- husleige
Pris trygdebustader
Namn | Husleige pr. månad |
Breidokkvegen 36 | kr. 6 550,- |
Elgfaret 4A - 1.etg. | kr. 5 200,- |
Elgfaret 4B - 1.etg. | kr. 6 550.- |
Elgfaret 4C - 1.etg. | kr. 5 200.- |
Elgfaret 4D - u.etg. | kr. 6 550.- |
Gymnasvegen 4B | kr. 6 550,- |
Helsetunvegen 6 - 1.etg | kr. 6 550,- |
Helsetunvegen 8 -1.etg | kr. 6 550,- |
Helsetunvegen 10 - u.etg | kr. 6 550,- |
Helsetunvegen 12 - u.etg. | kr. 5 150.- |
Helsetunvegen 14 - 1.etg. | kr. 5 150.- |
Helsetunvegen 16 - 1.etg. | kr. 6 550.- |
Helsetunvegen 18 - u.etg. | kr. 5 150.- |
Helsetunvegen 20 - u.etg. | kr. 5 150.- |
Pris omsorgsbustader
Namn | Husleige pr. månad |
Breidokkgutu 6 og 8 | kr. 6 550.- |
Furuvegen 13 A - H | kr. 6 550.- |
Helsetunvegen 2A og 2D | kr. 6 900,- |
Helsetunvegen 2B og 2C, 30, 32, 38 og 40 | kr. 6 550,- |
Helsetunvegen 24A - u.etg. | kr. 6 550.- |
Helsetunvegen 24B og 26A og B | kr. 5 150,- |
Helsetunvegen 36 og 42 | kr. 5 200,- |
Rundingen 9A | kr. 5 900,- |
Rundingen 9C og D | kr. 6 150,- |
Rundingen 11A - H | kr. 6 550,- |
Torstadvegen 16 og 18 | kr. 6 550,- |
Kriteriar for tildeling
Brukaren har helsesvikt, eller er fysisk / psykisk funksjonshemma og dagens bustad er
lite funksjonell:
- Bustaden kan føre til ny- eller vidareutvikle ein allereie helsesvikt.
- Bustaden gir lite rom / moglegheit for mobilisering og utnytting av fasilitetar.
- Bustaden gir lite rom / moglegheit for utnytting av eigen omsorgsressurs.
- Bustaden gir lite rom for tekniske hjelpemiddel / innretningar.
- Bustadsituasjonen aukar omsorgsbehovet og dermed overforbruk av personalressursar.
- Bustadsituasjonen gir vanskeleg arbeidsforhold for hjelpepersonell.
Brukaren bur hos foreldre / pårørande og desse har gitt omsorg som dei no ikkje
ynskjer / ikkje er i stand til å vidareføre.
Bustadens eigeforhold, beliggenhet og utforming gjer det uaktuelt og setja i verk tiltak
med hensyn til forbetring / rehabilitering.