vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Trygg oppvekst

Trillebår

Kva er Trygg Oppvekst?

Trygg Oppvekst er eit interkommunalt prosjekt i Hallingdal, der målet er å laga ein heilskapleg, tverrsektoriell modell for arbeid med utsatte barn. Prosjektet starta opp med pilotar i Ål og Hemsedal kommune våren 2018. Flå og Hol starta opp med prosjektet i august 2019. I desember 2019 fikk kommunane Gol og Nesbyen beskjed om at dei har fått tilskot til tilsvarande prosjekt, så frå og med våren 2020 er alle seks kommunene i Hallingdal i gang med Trygg oppvekst- BTI. Helse- og omsorgs- og oppvekstleiarane i Hallingdal fungerar som styringsgruppe for prosjektet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har gitt tilskot til prosjektet. 

Ved utvikling av modellen skal ein systematisere, forankre og samordne kommunen sitt arbeid med barn på tvers av tenester og nivå. Gjennom ein heilskapeleg modell og konkrete verktøy for identifikasjon og oppfølging skal fleire barn få riktig, koordinert og langsiktig hjelp. Samhandling til beste for det einskilde barn står i sentrum. Modellen skal gi tilsette og leiarar gode verktøy i arbeidet, og bidra til systematisk og langsiktig innsats for å betre barns oppvekst i kommunen.

Er du bekymra for eit barn?

Mange av oss, anten vi er føresette, naboar, vener eller kanskje jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der vi ser eller høyrer noko som får oss til å kjenne ei uro for eit barn eller ein ungdom. Kanskje har me registrert at barnet/ungdommen strir med noko, eller me opplever signal frå føresette som gjer oss urolege.

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenesta eller politi direkte.

Telefon Hallingdal Barnevernteneste: 32 08 53 10 (09.00-15.00)
Vakttelefon: 911 14 600

Telefon Politi: 02800 (Du vert kopla automatisk til sentralbordet eller operasjonssentralen i ditt næraste politidistrikt.)

Meldeskjema til Hallingdal Barnevernteneste

Mange er i tvil om når det er riktig å melde frå til barnevernet. Det kriminalitetsførebyggande råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg som uroar deg for eit barn.

10 spørsmål og svar om å melde til barnevernet

1. Når bør eg melde frå til barnevernet?

Uroar du deg for eit barn? Trur du foreldra ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melda frå til barnevernet.

2. Korleis kan eg vita om det er alvorleg nok?

Er du uroa, skal du melde frå uansett. Din melding kan vere svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere alvoret og om hjelp er nødvendig. 

3. Kven skal eg snakka med i barnevernet?

Du kan ringe eller skrive eit brev til barneverntenesta i din kommune – eller ringe gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. nr. 116 111). Då blir bekymringa di formidla vidare til barnevernet der barnet bur.

4. Kva skjer når eg melder ei bekymring til barnevernet?

Sakshandsbehandlaren skriv ned det du fortel. Innan ei veke avgjer barnevernet om dei skal sette i gong ei undersøking eller om meldinga skal leggast bort. Ei undersøking varar vanlegvis ikkje  lengre enn tre månader.

5. Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familiar?

Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjere situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10) får hjelp heime hjå foreldra. Hjelpa kan for eksempel vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

6.  Må eg alltid seia namnet mitt?

Nei, du kan velje å vera anonym. Barnevernet må informere familien om innhaldet i meldinga.  

7. Får eg beskjed dersom saka vert henlagt?

Nei. Barnevernet har taushetsplikt. Det er annleis for tilsette i for eksempel skule eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding på om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.

8. Tida går og eg er framleis uroa: Bør eg ringe ein gong til?

Ja. Du får ikkje vita kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du fortsatt er bekymra, er det likevel viktig at du tek kontakt og fortel kvifor.

9. Må eg vitne i retten eller fylkesnemnda?

Du kan bli kalla inn som vitne. Du har i så fall plikt til å møte og fortelje kvifor du har vore bekymra.

10. Kvar finn eg ut meir om barnevernet?

Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på desse nettsidene:

www.barnevernet.no

www.regjeringen.no/nb/dep/bld/tema/barnevern

www.bufetat.no/barnevern

 

Kva er BTI? Betre tverrfagleg innsats

BTI-modellen er ein samhandlingsmodell til bruk i kommunar for å betre den tverrfaglege innsatsen i og mellom tenester retta mot barn, unge og familiar. BTI skal bidra til at barn og unge med behov for ekstra støtte og hjelp blir sett så tidleg som mogeleg, og at dei får god hjelp og oppfølging.

Gjennom tidleg innsats, betre samordning av tenester, auka kompetanse og involvering av barn, unge og deira føresette, skal BTI bidra til å styrke kommunens arbeid med barn og unge.

BTI er for barn og unge i alder fra svangerskap til 18 år.

BTI for barn og unge

Av og til kan du trenge å snakke med vaksne som veit korleis dei skal hjelpe barn og unge. Dette kan vere vaksne som jobbar på skulen, helsestasjonen, barnehagen, PPT eller andre stader i kommunen. 

Hvis du har behov for ekstra støtte, merksemd og hjelp skal du få dette så tidleg som mogeleg, og du og dine foreldre skal vere med å finne gode løysingar og mål, og tilsette i kommunen skal samarbeide til det beste for deg.

For å bli betre på dette, jobbar kommunen no med å innføre ein modell som heiter BTI, som står for Betre Tverrfagleg Innsats. Dette betyr at vaksne skal gi ein skikkeleg innsats for barn og unge som treng oppfølging, og at ein skal bli betre på å snakke saman på tvers kvar ein jobbar.

Kven kan eg prate med?

Er det noko som er ugreit for deg, snakk med ein vaksen du stolar på. Det kan til dømes vere læraren din, helsesøster, foreldra dine eller trenaren din. Om den du snakker med, ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han eller ho snakke med riktig person, og gjere ei avtale for deg. Du kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge, på telefon 116 111, mandag-fredag fra 15.00-08.00.

Barn og unge har rett til å bli høyrt

Har du høyrt om desse lovene?

Barnekonvensjonen er ei avtale om nesten alle land i verda. Den seier noko om korleis alle barn i verda skal ha det. Noreg har signert barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen seier at vaksne skal gjere det som er best for barn, og at barn har rett til å seie si meining. Barn og unge skal bli informert, høyrt og tatt på alvor i alle avgjerder som gjeldt dei. Barnekonvensjonen seier også at:

  • alle barn har rett til privatliv
  • alle barn har rett til ikkje å bli diskriminert
  • alle barn har rett til at ingen skader eller misbrukar dei

I Norge er det forbode å slå barn. Ingen har lov å misbruke deg, eller gjere deg vondt på nokon måte, anten med kroppen din eller følelsane dine. Dette gjeldt både foreldre og andre vaksne, og andre barn og unge.

Barneloven er barn og unges eigen lov. Den seier at jo eldre barnet er, jo meir må dei vaksne ta hensyn til barnet si meining når dei tek avgjerelser for barnet.

  • barn som har fylt 7 år har rett til å seie si meining. Yngre barn skal også få lov å seie meining si.
  • når barn har fylt 12 år, skal meininga deira tilleggast stor vekt.
  • barn som har fylt 15 år skal få bestemme enda meir, og fram til barnet fyller 18 år skal det få bestemme meir og meir sjøl.
  • når du er 18 år, er du myndig og bestemmer over deg sjøl.

Helsepersonelloven sikrar at du vert tatt vare på om ein av foreldrene dine vert alvorleg sjuke. Da har helsepersonell eit ansvar for at du vert ivareteke, og at du får vite kva som skjer.

 

BTI for føresette

Av og til kan ditt barn ha behov for ekstra merksemd, støtte eller hjelp. Vi som jobbar med barn og unge i Gol kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med dykk føresette om dette. Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) handlar om tidleg innsats, betre samordning av tenester og involvering av barn, unge og dykk som føresette. Arbeidet med BTI-modellen starta i Gol kommune i 2020, og arbeidet sluttføres i desember 2021.

Kva betyr BTI for dykk som føresette?

Dykk som føresette kjenner alltid barna best, og det er derfor svært viktig for oss å ha ein god og nær dialog med dykk. Tilsette i Gol kommune skal ha låg terskel for å ta kontakt med føresette dersom dei lurer på noko ved barnet/ungdommen. De kan derfor oppleve at barnehage, skule, helsestasjon eller andre aktuelle tenester inviterer til møter utanom dei vanlege møtene. Det er viktig at begge føresette møter til slike møter. Som føresette er de også velkomne til å be om ekstra møter og samtaler med dei ulike tenestene i kommunen.

 

BTI for tilsette

Kva betyr Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) for meg som tilsett i Gol kommune? BTI er ein modell kommunen innfører for å styrke arbeidet med barn, unge og familiar fra svangerskap til 18 års alder.

Arbeidet med å utvikle og innføre BTI-modelen i Gol kommune kom i gang våren 2020, og vil fortsette i åra som kjem. Handlingsrettleiarar og ulike verktøy skal bidra til tidleg innsats og god samordning av tenester. Etter kvart vil alle tilsette som arbeider med barn og unge i kommunen få opplæring i BTI-modellen.

Vidareføring av godt arbeid

BTI bygger vidare på det gode arbeidet som vert gjort i kommunen i dag. Modellen skal bidra til å klargjere og presisere rutiner me har, og gje moglegheit for å oppdage områder me kan bli betre på. BTI-modellen er dynamisk og under kontinuerlig utvikling. Det er behov for at tilsette og leiarar gjer tilbakemelding om kva som fungerer, og kva som kan utbetrast med BTI-modellen, slik at kart og terreng passar saman.

Kvifor BTI?

Forskning og erfaring syner at barn og unge ikkje vert fanga opp tidleg nok, og at dei ikkje får den hjelp dei har behov for. Det er viktig at tilsette handlar raskt og i samarbeid med den det gjeld og føresette. Med innføring av BTI innfører vi begrepet "samtidighetsansvar" som gir alle tilsette i Gol kommune ansvar for å følge opp ei undring rundt eit barn, også etter at det eventuelt er meldt vidare til andre instansar. Dette ansvaret skal hindre oppfølgingsbrudd av barn og unge som trenger vår merksemd.

Involvere barn, unge og føresette

Brukermedverknad står sentralt i BTI - barn, unge og føresette skal involverast på eit tidleg tidspunkt. Føresette kjenner barnet best, og heimen er ein viktig arena for førebygging. Samtidig er det viktig at barn og unge blir høyrt og får medbestemmelse i takt med aukande alder og modning.

Handlingsrettleiarar

Under utarbeiing.