vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tannhelse

Skal du til tannklinikken? Oppdatering 13.03.2020

Vi utsetter allerede oppsatte ordinære konsultasjoner, i første omgang fram til etter påske. De det gjelder får en SMS om at timen er utsatt og ny time sendes senere.

Om pasienter trenger akutt hjelp skal de kontakte den aktuelle klinikken på telefon.

Koronavirus - råd og informasjon finn du her 

Om den offentlege tannhelsetenesta

Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Tenesta skal fremje tannhelsa i befolkninga, og i si teneste syte for nødvendig førebygging og behandling. Dei skal spreie opplysning om og auke interessa for kva den einskilde sjølv og allmennheita kan gjere for å fremje god tannhelse.

Den offentlege tannhelsetenesta skal gi eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til:

Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år

Psykisk utviklingshemma i og utafor institusjon

Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie

Ungdom frå 18 år til og med det året dei fyller 20. Dei betaler 25% av offentleg takst

Andre grupper det er fattet vedtak om

Les meir om tannhelsetenesten i Buskerud her

Akutt hjelp

Tannlegevakt i Hallingdal : Tlf. 993 51 555. Vakta har opningstider alle laurdagar og bevegelege helligdagar frå kl.16.00 til kl.18.00 . Pasienten må møte opp hjå den enkelte tannlege som har vakt, dvs det kan vera ein tannlege i ei annan kommune enn der pasienten oppheld seg. Takst: I tilegg til ordinær betaling må pasienten betale helgetillegg.

På tannlegevakta si heimeside finn du alltid oppdatert informasjon.

Fyrstehjelp ved tannskader når uhellet er ute finn du her

Prisoversikt for tannbehandling.

Gol tannklinikk

Besøksadresse:

Sentrumsvegen 68
3550 Gol

Kontaktperson: Tannlegevakt Hallingdal

Telefon: 993 51 555

Kontaktperson: Overtannlege i Halingdal Emina Mrsic

Telefon: 32 06 01 37