vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Fysioterapi og ergoterapi

Kommunal fysio-og ergoterapiteneste

Kontaktinformasjon

Atle Handeland
Avd.leiar
Tlf.476 05 842

Hauke Sokollek-Lied
Kommunefysioterapeut
Tlf. 916 73 942

Jenny Bårdsen
Kommunefysioterapeut
Tlf. 408 01 967

Åse Ingunn Midtgård
Ergoterapeut og syns og hørselskontakt
Tlf. 916 73 967

Fysioterapi

Om du har nedsett fysisk funksjonsevne som følge av sjukdom eller skade, kan ein fysioterapeut gje deg hjelp til å betre eller vedlikehalde funksjonsevna di. Du kan også få hjelp til å kompensere for varige funksjonsvanskar.

Fysioterapeuten kan:

  • Undersøke og kartlegge tilstanden din.
  • Gje ulike behandlings- og treningsformer.
  • Gje råd og rettleiing om forebyggande og helsefremjande tiltak.
  • Formidle hjelpemiddel.

Fysioterapitenesta i Gol kommune omfattar tiltak for born, vaksne og eldre.
Tenesta kan gjevast på fysikalsk institutt, på institusjon, i barnehage og skule, eller i brukarens heim.

Fysioterapeutar deltek i tverrfagleg rehabilitringsarbeid, førebyggande arbeid og i utarbeiding av Individuell plan. Tenesta har tre kommunefysioterapeutar og tre privatpraktiserande fysioterapeutar med avtale om kommunalt driftstilskot.

Frå 1.januar 2018 treng ikkje pasientar lenger tilvising frå lege, manuell terapeut eller kiropraktor for å få stønad til fysioterapi. Dette betyr at pasientar som har behov for fysioterapi kan oppsøke fysioterapeut direkte. Det er fortsatt eit krav for stønad at pasienten går til fysioterapeut som har driftsavtale med kommuen.

Eigenandel på behandling er fastsett i avtale mellom Norsk Fysioterapiforbund og Staten. Som hovudregel må du betale eigendel som tel med i oppteninga til frikort for eigendelstak 2.
 
Frå 1.januar 2017 må alle betale eigendel for behandling for fysioterapi. Diagnoselista som tidligare ga rett til gratis fysioterapi vart avvikla.
Born under 16 år og personar med yrkesskade er friteken for eigendel.

Ta kontakt med fysioterapeut på telefon eller ved personleg frammøte for bestilling av time.

Aktuelle linkar:

Norsk fysioterapeutforbund - kva er fysioterapi

Prisar - eigenandel

Betaling og frikort

Ergoterapi

Har du vanskar med å greie daglege gjeremøl fordi du er sjuk eller skada, eller har nedsett funksjonsevne av andre årsaker, kan du få hjelp av ein ergoterapeut.

Ergoterapeuten kan:

  • Kartlegge funksjonsevna di og gi deg hjelp til å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar.
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel.
  • Tilrettelegge det fysiske miljøet heime, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen.
  • Koma med innspel til kommunale planar og byggesaker når det gjeld universell utforming.

Tenesta er gratis.

Fysioterapeutar med driftsavtale i Gol Kommune:

Jan Kattenberg

Telefon: 909 37 351

E-post: jan@kattenberg.no

Adresse: Kattenberg fysioterapi, Rundingen 7A, 3550 Gol (Underetasjen Gol Helsetun).

Jan har tilleggskompetanse innan ultralyddiagnostikk, trykkbølgebehandling og tilpassing av innleggssåler.

Sara Bergande

Telefon: 952 61 883

E-post: sarabergande@hotmail.com

Adresse: Rundingen 7A, 3550 Gol (Underetasjen Gol Helsetun).

Sara har sin tilleggskompetanse som Feldenkraispedagog, for meir informasjon om denne behandlingsmetoden kan du følge linken:

http://www.feldenkraismetoden.no/metoden/feldenkraismetoden

Hilde Løkken

Telefon: 918 03 919

E-post: hilde.lokken@gmail.no

Adresse: Gol fysikalske institutt, Sentrumsvegen 60, 3550 Gol (Gjensidigebygget).

Hilde har lang erfaring med barnefysioterapi og er hovedkontakt for oppfølging av barn i alderen 0-6 år.

Hjelpemiddel

Korttidsutlån

Dersom du bur eller oppheld deg i kommunen og har behov for hjelpemiddel i ei kortare periode, kan du låne dette frå det kommunale korttidslageret. Det er fysio- og ergoterapitenesta som administrerer. Fullt namn, adresse og fødselsdato til den som låner hjelpemidlet skal oppgis. 

Du kan låne hjelpemidlar som rullator, rullestol, toalettstol, toalettforhøyar, dusjkrakk, trykkavlastande madrass m.m. Ta kontakt ved spørsmål.

Lånetida er 3 månader, med muligheit for forlenging.

Hjelpemidlar som ikkje er i bruk leverast tilbake i reingjort stand så snart som mogleg, slik at nye brukerar får nyte godt av tilbodet. Ein sørger sjølv for at hjelpemiddelet blir levert tilbake, i reingjort stand. Ta kontakt dersom du ikkje får levert hjelpemiddelet tilbake til avdelinga, så kan vi være behjelpelige.

Det er gratis å låne hjelpemidlar.

Langtidsutlån

Har du varig (over 2 år) behov for hjelpemidler, ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta som sørgjer for utgreiing og søknad vidare til NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud.

Hjelpemiddelbehovet vurderast av ein ergoterapeut eller fysioterapeut saman med brukar og/eller pårørande.

Terapeuten i kommunen har ansvar for å grunngje hjelpemiddelbehovet i søknaden (som sendast til  NAV Hjelpemiddelsentral Buskerud), og for at opplæring i bruk av hjelpemidlane blir gjeve.

Vi gjer oppmerksam på at behandlingstida på hjelpemiddelsøknader kan vera opptil fleire veker.

Vaktmeister eller terapeut tek kontakt med brukar/pårørande når hjelpemidla er komne.

Pris for tenesta

Når du går til fysioterapeut eller manuellterapeut, får du dekket deler av utgiftene dine til behandlingen. Som hovedregel må du betale en egenandel som teller med i opptjeningen til frikort for egenandelstak 2.

Fra 1.januar 2017 må alle betale eigenandel for behandling for fysioterapeut. Diagnoselista som tidligere ga rett til gratis fysioterapi vert avvikla. Barn under 16 år og personar med yrkesskade er friteken for eigenandel.

Eigenandel betalast fram til ein har nådd beløpsgrensa for frikort som er 2025,-

Aktuelle linkar

Eigenandel 2018  

Aktuelle linkar

NAV hjelpemiddelsentral i Buskerud

Korleis søker du

Trening for seniorar 65+

For meir informasjon om trening og aktivitetstilbod til seniorar 65+ i Gol kommune, les meir her.

Fysioterapi og ergoterapi

Besøksadresse:

Rundingen 7A
3550 Gol

Posadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Kontaktperson: Resepsjon fysioterapi

Telefon: 32 02 92 20