Om Gol arbeidssenter
Gol arbeidssenter er eit kommunalt dagsenter for menneskjer med psykisk utviklingshemming. Arbeidssenteret er tilrettelagt som ein arbeidsplass med moglegheit for varierte oppgåver ut frå brukarens ressursar, behov og begrensningar.
Arbeidssenteret har produksjon innan ved og tradisjonelle handverksaktiviterar slik som veving, strikking, lys, kort, toving, baking og lignende.
Søkje om opphald
Du kan søkje om plass på Gol arbeidssenter ved å benytte søknadsskjemaet under.
Sal av produkt
Det er sal av produkta på dagsenteret, og vi tar også imot bestillingar. Dersom du har filler til overs, så tar vi imot dette til veving.