vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Friskliv

Friskliv vil:

Frisklivssentralen er ein helsefremmande og førebyggande kommunal helseteneste. Målgruppa er dei som har økt risiko for, og eller som har utvikla sjukdom og treng støtte til å endra levevanar og meistre helseutfordringar. Frisklivssentralen vil hjelpe og støtte personar som ynskjer å endre levevanar knytta til fysiks aktivitet, kosthald eller tobakk. Du treng ikkje ha ei diagnose eller vera sjuk for å delta på friskliv. På frisklivssentralen vert det lagt vekt på ei heilheitleg tilnærming og å styrka fysiske, mentale og sosiale ressursar for helse, endring og meistring. Tilboda blir utforma slik at brukarane kan delta uavhengig av helseutfordringar og diagnose. 

Frisklivssentralen har eit tilbod som er individuelt tilpassa og samtidig gi deltakaren ei kjensle av å delta i eit fellesskap. Derfor tilbyr frisklivssentralen individuell rettleiing og motivasjonssamtale saman med gruppetilbod for fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.

Friskliv vil fungere som ein ressurs og eit kontaktpunkt for andre helsefremmande tiltak i kommunen - lokalmiljøets tilbod og aktivitetar.

Frisklivssentralen er no i Gol idrettsarena.

Har du spørsmål eller treng meir informasjon, så ta kontakt. Telefontid er mandag-fredag kl.09.00 - 15.00. Følg oss også på facebook.

Ei resept varar i 3 mnd og har ein eigenandel på kr.300.-.

Sitat frå aktivitetshandboka 2008: "Mennesket er skapt for bevegelse. Et stillesittende liv fører derfor til økt sykdomsrisiko. Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan forebygge sykdom. Og til og med å kurere en rekke sykdommer. Så enkelt er det egentlig. Men likevel så vanskelig."

"Hvis du ikke setter av tid til fysisk aktivitet i dag, må du regne med å sette av mye tid til sykdom i framtida."

Timeplan friskliv

 

Her finn du link til facebook sida til Friskliv

 

Andre aktuelle linkar

Kommunale frisklivssentraler

Aktivitetshåndboken

Friskliv

Besøksadresse:

Tronderudvegen 1
3550 Gol

Postadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 470 10 583

Kontaktperson: Finn-Terje Bøe

Tittel: Frisklivskonsulent

Telefon: 470 10 583

Kontaktperson: Hauke Sokollek

Tittel: Fysioterapeut

Telefon: 32 02 92 25/916 73 942