Velkommen til SFO
Rettleiing for søknad om plass
Her kan du søkje om SFO - plass
Praktisk informasjon til føresette
Opningstider:
Morgonen frå kl. 7.30 - 8.30
Etter skuletid kl.13.00 - 16.30
SFO følgjer skuleåret sine feriar og fridagar
Rutiner ved bringing og henting av barna
For bringing og henting kan føresette køyre til parkeringsplassen og derifrå følge og hente barnet på SFO. Før kl. 08.00 og etter kl.15.00.
Ta til høgre ved hovudinngangen og passèr SFO inngangen. Alle skal gå inn i garderoben til det trinnet barnet tilhøyrer. Barna skal her henge av seg yttertøy på tildelt plass og ta på innesko. Vaksne må ta av sko eller bruke blå skotrekk for å følge vidare inn til avdelinga. Dette gjeld også ved henting om ettermiddagen.
Ta alltid kontakt med ein vaksen på avdelinga når de kjem om morgonen og når de henter om ettermiddagen.
Hugs å gje beskjed om sjukdom eller endringar frå fast SFO rutine.
Føresette kan gjere avtale med SFO - personalet om at barnet kan gå heim eller til ein aktivitet sjølv til ei avtalt tid.
Dagsrytmen på SFO
Dagsrytmen på SFO
Om morgonen
Kl. 7.30 SFO åpnar
Kl. 7.45 Dei som ønskjer kan ete frokost. Vatn til drikke
Elevar kan setje SFO-matboksen sin i kjøleskapet på SFO til
ettermiddagstilbudet begynner.
Rolege aktiviteter i fellesområdet på SFO
Kl. 8.15 1.-4.trinn går til garderoben saman med vaksne frå SFO
Kl. 8.20 – 08.30 Utetid på skuleplassen
Kl. 8.30 Skuledagen startar
Om ettermiddagen:
Kl. 13.00 1. og 2.trinn blir møtt i klasseromma, innkryssing og gjennomgang av dagen før vi går samla til SFO
Kl. 13.00 - 13.30 Matpakke/vatn + frukt 1. og 2. trinn
KL. 13.00/14.15/14.30 3. og 4.trinn kjem til SFO, innkryssing og matpakke /vatn/frukt
Måltid ca ein gong i veka, 1.-4. trinn
Variert meny med fokus på sunn, god mat som ungane i mindre grupper kan væra med å lage til
Kl. 13.30 - 15.00 Ulike aktivitetar ute og inne
Frileik ute og inne, tilbod til om organisert fysisk aktivitet og bordaktivitetar, tema
Kl. 15.00 Ryddetid inneaktiviteter
Kl. 15.00–16.30 Utetid for alle - frileik, fysisk aktivitet
Personalet ute registrerer barna som blir henta iflg liste
Kl. 16.15 Ryddetid uteleiker
Kl. 16. 30 SFO stenger
Prisar - SFO
Gjeldande pr. 01.01.2021
Alt.1 0- 7 timar 1675 pr.mnd
Alt.2 8-11 timar 2375 pr.mnd
Alt.3 12-16 timar 2650 pr.mnd
Alt.4 17-23 timar 2850 pr.mnd
Kjøp av enkeltdag-morgon- 1 time kr. 100.-
Kjøp av ein enkeltdag-ettermiddag- 3,5 timar kr. 180.-
Kjøp av ein enkeltdag- ettermiddag- 3,5 timar for barn som ikkje har ordinær SFO-plass- kr. 350.-
Gebyr ved for sein henting- pr.påbegynt time kr. 300.-
Moderasjonsordning
Frå 1. august 2020 er det fastsett to moderasjonsordningar i SFO:
a) Inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1. og 2. trinn. Ordninga skal sikre at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta til å betale for ein SFO-plass.
b) Gratis SFO for elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov og som er tildelt SFO-plass.
Det må søkjast om ordningane ved å sende inn elektronisk skjema
Sist motteke skattemelding skal leggjast med som dokumentasjon. Dersom husstanden har ein vesentleg eller varig endring av inntekta i forhold til kva skattemeldinga viser, må det i tillegg leggjast med lønnslipp, vedtak frå NAV eller annan dokumentasjon på endra inntekt.
Betaling av eventuelle matpengar kjem i tillegg.
Fristen for å søkje for skuleåret 2020/2021 er sett til 15. oktober. Søknader som blir innvilga og som er motteke innan fristen vil gjelde frå den 1. august. Søknader som kjem etter fristen vil ved eit eventuelt vedtak om redusert sats, gjelde frå den 1. i månaden etter at søknaden er motteke.
Vedtekter for SFO
Vedtekter for skulefritidsordning i Gol kommune frå 01.06.19.pdf