Kontakt oss Ledige stillingar

Spesialundervisning i grunnskulen

Elevar som ikkje har eller kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.
Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald att det samla tilbodet gir eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningsmateriale som gjeld for andre elevar.

Eleven eller forledra/føresette kan krevje at skulen gjer dei nødvenige undersøkingane for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva for opplæring eleven treng.

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for oppæringstilbod ein bør gi.