Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vil du bli meddommar?

Gol kommune skal våren 2024 velje nye meddommarar for perioden 2025 – 2028. Valutvalet i kommunen oppfordrar allmenta til å foreslå aktuelle kandidatar. Frist 15. mars.

Valutvalet søker kandidatar som er samfunnsengasjerte og som ønsker å hjelpe domstolane med å ivareta det viktige prinsippet om rettstryggleik. 

Vi ønsker mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsevne. 

Kommunestyret vedtek kven som blir valt til meddommarar, etter innstilling frå valutvalet, før sumaren.

Kva er ein meddommar?

Ein meddommar (lekdommar) er ein ikkje-juridisk utdanna person som saman med ein fagdommar er med på å ta avgjerder i rettssaker. Dei fleste rettssakene varer frå éin til tre dagar, sjølv om enkelte saker kan vare noko lengre. 

Meddommarar blir valde for ein periode på fire år.

Gol kommune skal gjere følgande oppnemningar:

  • Meddommarar til lagmannsretten
  • Meddommarar til tingretten
  • Meddommarar til jordskifteretten

I tillegg skal kommunen fremje forslag til skjønnsmedlemmar som blir valt av fylkestinget.

Din bakgrunn

Meddommarar til lagmannsretten og tingretten: 
Det er ikkje noko krav til meddommaren sin faglege bakgrunn. Dette fordi ein tiltala skal "dømmast av likemenn".

Meddommarar til jordskifteretten: 
Det er ønskeleg at meddommarar som blir valde til jordskifteretten har kunnskap og/eller erfaring i jord- og skogbruk.

Skjønnsmedlemmar: 
Viss du ønsker å stille som skjønnsmedlem må du i tillegg ha særskild kompetanse innan fagfelt som:

  • verdifastsetting
  • bruk og drift av fast eigedom
  • plan- og reguleringsprosessar
  • bygg- og anleggsverksemd
  • økonomi
  • revisjon og rekneskap

Derfor behøver valutvalet informasjon om yrke og utdanning.

Kven kan vere meddommar?

Domstolsloven stiller visse krav til kven som kan veljast til meddommar. Blant anna må du vere over 21 og under 70 år ved valperioden sin start 1.januar 2025, du må ha stemmerett og dessutan stå innført i folkeregisteret i Gol kommune. Det er eit vilkår at du har tilstrekkelege norskkunnskapar.

Det er ein fordel om den som blir utnemnt har normale digitale ferdigheiter då mykje av kommunikasjonen med domstolane går føre seg digitalt. 
Vi gjer merksam på at Gol kommune pliktar å undersøke om du fyller vandelskrava.

Du kan ikkje bli valt dersom du:

  • er dømt til vilkårslaus fengsel i meir enn eitt år, forvaring, tvunge psykisk helsevern eller tvungen omsorg, er varig utelukka frå vervet som meddommar.
  • er dømt til vilkårslaus fengsel i inntil eitt år er utelukka i 15 år, regnet frå når dommen blei rettskraftig.
  • er dømt til vilkårsbunden fengselsstraff, uansett straffa si lengde er utelukka i 10 år, regnet frå når dommen blei rettskraftig.
  • har fått bøtestraff for lovbrot med ei strafferamme på meir enn eitt år medfører utelukking i 10 år. Dette blir rekna frå då bota blei vedteken eller dommen blei rettskraftig. Forenkla førelegg blir ikkje omfatta. 
  • har fått vilkårsbunden påtaleunnlating og domsutsetting, dersom det straffbare forholdet har ei strafferamme på meir enn eitt år. Utelukkinga gjeld i 10 år (domsutsetting betyr at retten har avsagt dom på straffeskyld, men har unnlate å dømme til straff). 
  • er dømt til samfunnsstraff blir utelukka i 15 år. Tidspunktet blir rekna frå då dommen blei rettskraftig viss den subsidiære fengselsstraffa er mindre enn eitt år. Dei som er dømde ein til subsidiær fengselsstraff på meir enn eitt år, er utelukka for alltid.

Nokre yrkesgrupper kan ikkje veljast som lekdommarar:

  • stortingsrepresentantar og vararepresentantar
  • statssekretærar, statsrådanes personlege politiske rådgivarar og tilsette ved kontoret til statsministeren
  • fylkesmenn og assisterande fylkesmenn
  • utnemnde og konstituerte dommarar og tilsette ved domstolane
  • tilsette i påtalemakta, politiet og kriminalomsorga
  • tilsette i Justisdepartementet, Politidirektoratet og Domstol administrasjonen (inkludert styret) 
  • tilsette og studentar ved Politihøgskolen og Fengselsskolen
  • praktiserande advokatar og advokatfullmektigar
  • Administrasjonssjefen i kommunen eller kommunerådet sine medlemmar i kommunar som er organisert i samsvar med kommunelova kapittel 3, og kommunale tenestemenn som tek direkte del i førebuinga eller gjennomføringa av valet

Det generelle kravet i lova er at ein meddommar skal ha tilstrekkelege norskkunnskapar og vere personleg eigna til oppgåva.
Den som blir utnemnt kan ikkje vere straffedømt.
Utvala skal vere samansette slik at dei representerer eit gjennomsnitt av befolkninga.
Du kan lese meir om kven som kan veljast på Noregs domstolar sine nettsider.

Rettigheiter

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt. Dette inneber blant anna at du normalt får fri frå ordinært arbeid for å utføre vervet. Medfører vervet tapt arbeidsforteneste, får du erstatning for legitimert tap. 
Du kan lese meir om økonomisk kompensasjon på Noregs domstolar sine nettsider.

Slik søker du

Meld di interesse via interesseskjemaet nedanfor innan 15. mars 2024, viss du ønsker å bli valt til meddommar eller foreslå andre til vervet.

Interesseskjema for meddommarar (forms.office.com)

Desse opplysningane treng vi om deg som vil bli meddommar:

  • fullt namn
  • adresse, postnummer og stad
  • postadresse dersom den ikkje er den same som bustadadresse
  • fødselsdato (dd.mm.åååå)
  • mobiltelefonnummer
  • e-postadresse (privat)
  • yrke (utdanning)
  • stillingstittel (nå)

For skjønnsmedlemmar og jordskifte-meddommarar treng vi i tillegg følgande opplysning:

  • Kva er du særleg kyndig i?

Jordskifteretten gir følgande eksempel på fagkompetanse: 

  • gardbrukar
  • skogbrukar
  • entreprenør
  • arealplanleggar
  • eigedomsmeklar
  • veg/vegplanlegging
  • rekneskap
  • takst av eigedom/bygg
  • offentleg tilsette

Lista er ikkje utfyllande.

Er det noko du lurer på kan du sende ein e-post til postmottak@gol.kommune.no.

Sist endret: 16.02.2024