vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2021

Stortingsval og sametingsval

Hausten 2021 er det val til Storting og Sameting

Valdagen er måndag 13.september 2021

Gol har ein røystekrins og vallokale er Gol samfunnshus

Opningstida 09:00 til 21:00

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på valdirektoratet sine temasider valg.no

 

Buskerud valdistrikt sine lister til stortingsvalet

Det er framleis dei opprinnelege 19 fylka som utgjer dei 19 valgdistrikta (med justering for kommunar som er overført mellom fylke/valdistrikt). Dette inneber at Viken fylke har tre ulike valdistrikt: Akershus, Buskerud og Østfold.

Frå Buskerud valdistrikt skal det velgjast 8 representantar til stortinget.
Totalt frå Viken fylke skal det velgjast 37 representantar.
Meir om mandatfordelinga mellom vadistrikta kan du lese på Valdirektoratet sine sider.

Ved Stortingsval er det fylkesvalstyret sitt ansvar å godkjenne parti og grupper sine framlegg til vallister.

Disse partia/gruppene kan du som er manntalsført i ein av kommunane i Buskerud valdistrikt stemme på ved stortingsvalet:
lenke til Viken fylkeskommune sine nettsider <- sette inn lenke.

 

Førehandsstemming

Om du ikkje har høve til / ynskjer å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet. 

Viss du stemmer i ein kommune utanfor fylket/valdistriktet der du er registrert som busett, får du utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på. Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eige kommune.

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntallsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan klokka 17 dagen etter valdagen.

På sjølve valdagen kan du berre stemme i den kommunen der du står i manntalet.

Tidlegstemming 1.juli - 9.august

Du kan stemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 6. august kan du i Gol kommune kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsstemming 10.august - 10.september

Den 10. august startar den ordinære førehandsstemminga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 10. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Gol kan du stemme på førehand i kommunehuset i ordinær opningstid : måndag til fredag kl. 09 – 15

I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming same stad:

To kvelder. Tid og dato kjem.

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stengjer på valdagen!

Stemme i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som oppheld seg utlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå 1. juli til og med 3.september 2021. På Svalbard har sysselmannen sett frist for å stemme på førehand til ------ for å sikre at stemmene kjem fram i tide. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan kl. 17.00 dagen etter valdagen. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved stortingsval har:

Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg

Ansatte i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Viss dei ikkje nokon gang har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.

For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Gol kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli i valåret og til og med valdagen på følgjande stader:

- Gol bibliotek
- Tenestetorget i kommunehuset

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Gol, men du kan ikkje stemme i Gol på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Gol kommune 1. juli. Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For velgjarar busette i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn under.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan dagen etter valdagen kl. 17.00.
Du kan søkje i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn her:

Søknadsskjema for innføring i manntalet: skjema

Valkort og legitimasjon

Å få valkortet er fyrst og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett ved valet. Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

I år vil du for fyrste gong få tilsendt valkortet ditt digitalt, og ved å laste det ned på en smarttelefon vert det enkelt å ha det tilgjengeleg når du skal stemme.
Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, vil som før få valkortet tilsendt på papir.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet digitalt eller i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august.
Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, ID-kort, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.