vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vaksine og varsel

Har du fått innkalling til 3. vaksinedose?

Vi ber om at du går inn på Helsenorge og svarar på innkallinga så fort som råd.
Du kan anten bekrefte at du tek imot timen, avslå eller velje at tidspunktet ikkje høver.
Dersom du gjer dette, sparar du oss for mykje ekstra arbeid med å kontakte kvar enkelt.
Takk for hjelpa!

Får du varsel frå Helsenorge ?

Dersom du ikkje får SMS eller epost om innkalling til vaksine, kan det vera fordi du ikkje har kryssa av for dette inne på din brukar på Helsenorge.
Gå inn på Profil og innstillinger / Kontaktinformasjon / Hvordan skal Helsenorge varsle deg? / Varseloppsett.
Då kan du få SMS for alle innkallingar frå helsetenesta, t.d time til vaksinasjon.

Dersom vi må ringe til dei som ikkje har svara på Helsenorge, er det fint om vi får svar på telefonen.
Det kan vera lurt å lagre telefonnummera våre, 940 03 193 og 457 23 560, så ser du at det er vaksinetelefonen som ringjer.