Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

UKM-lokalmønstring 2025 - Nesbyen og Gol

For de som er i aldersgruppa 13 – 20 år og bur i Nesbyen eller Gol.

Bilete av dei tre medlemmane i bandet Brunost frå Gol på fylkesfestival i Kongsberg, 2024.

Bilete: Bandet Brunost frå Gol på fylkesfestivalen i Kongsberg i 2024.

Dato: Torsdag 20. mars kl. 19.00

Stad: Gol skole, aulaen

Kanskje du liker å arrangere, danse, spele teater, lage kostyme, synge, organisere, fotografere, spele eit instrument, spele i band, akrobatikk, måle, designe, kveile kablar, filme, underhalde, skrive dikt eller noko anna som har med kultur å gjere.

Då kan du vise det fram på scena under UKM-lokalmønstring på Gol den 20. mars.

Nokre av innslaga blir teke ut for å delta på UKM-fylkesfestivalen i Hønefoss i april.
Her møter du ungdom frå heile Buskerud.

Påmelding - UKM 2025 (ukm.no)

Sist endret: 20.02.2025