Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Tilskot til transport til og frå arrangement

Søk inntil 50.000 kroner i støtte til arrangementet ditt der målgruppa er folk i alder 16-40 år!

Bilete av ein gullfarga buss (pixabay.com)

Det regionale programmet for bu- og blilyst i Hallingdal gir no tilskot til lokale arrangørar som set opp transport til og/eller frå arrangement som foregår i tidsrommet januar-mai 2025.

De kan søke på ordninga via dette søknadsskjemaet:

Søknadsskjema for tilskot til transport (Word)

Søknadsskjema for tilskot til transport (PDF)

Pilotering av arrangementstransport er eit tiltak som kan gi fleire ungdommar og unge vaksne moglegheit til å delta på arrangement og aktivitetar som foregår i eigen region.

Bulystprogrammet i Hallingdal har gjennomført kvalitative undersøkingar der det viser seg at transport er ein barriere for at ungdom og unge vaksne kan delta på arrangement i andre kommunar. Dette ynskjer vi å gjere noko med, og piloterer no eit tiltak der arrangørar kan søke om støtte til transport til arrangementet sitt. Midlane som blir delt ut er gitt av Buskerud Fylkeskommune til bulystprogrammet i Hallingdal.

Det blir forventa at deltakarar må betale ein eigenandel for transporten. Dette viser undersøkingar at dei er villige til å gjere. Ved å benytte denne tilskotsordninga kan eigenandelen for transport til/frå arrangementet gå ned for publikum, noko som gjer det enda mer attraktivt å benytte seg av den.
Vi håpar difor at du som arrangør ser moglegheita for å teste ut ordninga med å tilby transport til arrangementet ditt.

Administreringa av transporttilbodet må utførast av den enkelte arrangøren. Bulystprogrammet gir kun tilskotet. 

Kriteriar

  • Målgruppa til arrangementet skal treffe aldersgruppa 16-40 år, eller delar av den
  • Transport skal tilbys til og/eller frå arrangementet, frå alle kommunar i Hallingdal
  • Arrangementet må foregå på tidspunkt der ein ikkje kan benytte offentleg transport for å kome til/frå
  • Arrangementet må gjennomførast i tidsrommet januar til mai 2025
  • Arrangør må fylle ut ei kort eigenevaluering i ettertid. Denne skal sendast inn til bulystprogrammet sin programrapport innan 01.06.2025

Kven kan søkje

Arrangørar av store og mindre arrangement i alle kommunar i Hallingdal.

Kva dekker støtta

Delar av transport for deltakarar til og/eller frå arrangement. Det blir forventa ein eigenandel frå deltakarar i tillegg.

Søknadssum

Inntil 50.000 kroner, avhengig av storleiken på arrangementet. 

Søknadsfrist

Løpande, seinast 1. februar 2025.

Søknadsskjema for tilskot til transport (Word)

Søknadsskjema for tilskot til transport (PDF)

Kontaktperson

Magnhild Medgard Skår, folkehelserådgjevar i Nesbyen kommune/Programleder for regionalt bolystprogram i Hallingdal.

E-post: magnhild.medgard.skar@nesbyen.kommune.no

Telefon: 977 30 561

Tiltaket er i regi av det regionale programmet for bu- og blilyst i Hallingdal, delprosjekt Trivsel og tilhørigheit.

Sist endret: 25.11.2024