vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Temakveldar om sorg

Temakveldar om sorg – for barn og foreldre som har opplevd tap

 

Nokon barn som har opplevd dødsfall av nært familiemedlem, opplever det som nyttig å treffe jevnaldrande i same situasjon. Dei føler seg mindre aleine og dei forstår lettare sine eigne reaksjonar og opplevelsar. Vi ynskjer å skapa ein møtestad for barn og ungdom i Hallingdal, som har mista ein av sine næraste. Fagpersonar leiar barna inn i ulike og aktuelle tema, og det blir eit rom for samtale i gruppa.

Medan barna deltek i temakvelden, er foreldra velkomne til veiledning i eigen gruppe. Der er det mogleg å få veiledning om korleis foreldra kan møte barna i sorg slik at dei kan møte barna sine reaksjonar på ein trygg og god måte.

Temakveldane vert arrangert på Kafé Makalaus (Sentrumsvegen 26, Gol) over 3 kveldar i haust. Fyrste samling er tysdag 24.sep fra kl.18. (Dette forutset minimum 4 påmeldte)

Er du interessert i dette, kan du ringe eller sende sms til diakon Martha F. Bleiktvedt på 47627663. Bindande påmelding innan tysdag 17. sep.

Arrangørar:
Marianne Jøtun Fauske (Psykisk Helse), Tove Moen (skulehelsetenesta), Jorunn Viljugrein Stake (kreftkontakten) og Martha Frøyland Bleiktvedt (Gol kyrkje)