vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Søknad om barnehage - og SFO plass

Søknad om barnehageplass frå hausten 2021
Søknadsfrist 1.mars for hovudopptak barnehageåret 2021/2022

Frå og med barnehageopptaket 2020 (hovudopptaket), gjeldande frå 15.august 2020, skal søknad om barnehageplass i Gol kommune gjerast via Visma Flyt Barnehage sin føresettportal. Dette gjelder om du søker for første gang, du søker endring av plasstype eller om du søker overføring til anna barnehage. 

Dersom du skal behalde barnehageplassen slik den er i dag, så trenger du ikkje søke/foreta deg noe.

På Gol kommune sin nettside ligger linken https://barnehage.visma.no/Gol direkte til Visma Flyt Barnehage sin føresettportal. Ved å klikke på denne linken, kommer du til innloggingssida i føresettportalen. Du logger deg inn med elektronisk ID via ID-porten.

Søknad om barnehageplass består av fleire trinn, kor de må legge inn informasjon.

Under andre opplysningar – i kommentarfeltet – kan de legge inn:

1)    naturavdeling, dersom de søker Breidokk barnehage og barnet fyller 3 år i løpet av dette kalenderåret eller er eldre

Hugs også at deltidsplass må leggast inn med likt val av dag i både partal og oddetalsveker. Dersom det bli lagt inn ulikt vil val av dagar i partalsvekene vere gjeldande.

Søknaden sendast elektronisk. Når søknaden er sendt, vil du få tilsendt ei bekrefting på den e-postadressa du har oppgitt i søknaden eller via digipost.

Oppstartdato for barnehageplassen er frå ca. 15.august, og du vil få svar på søknaden innan utgangen av mars månad.