vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Røykvarslardagen 2019

Røykvarslardagen 01.12.2019 i Hallingdal

 

Alle småjobbsentralane i Hallingdal (Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå) har i samarbeid med Hallingdal Brann- og Redningstjeneste IKS bestemt at vi i samband med røykvarslardagen 2019 skal hjelpe alle eldre og personer med nedsett funksjonsevne i Hallingdal med å byte batteri og kontrollere røykvarslaren gratis.

Det einaste du treng å gjera, er å bestille det hjå småjobbsentralen.

 

Alle bustader er lovpålagt å ha montert minst ein røykvarslar i kvar etasje, og det er bustadeigar si plikt å montere og vedlikehalde dei. Dette er noko me veit er ei utfordring for eldre og andre som ikkje klarer å komme opp i høgda, samt det å hugse på at det må skiftast batteri, vedlikehaldast og testast for at dei skal virke som dei skal.

 

For at vi skulle få dette til, har vi fått økonomisk støtte og hjelp frå dei lokale forsikrings­kontora til Gjensidige Hallingdal, Sparebank 1 Hallingdal og Valdres og Skue Sparebank.

 

Dersom det skulle vise seg at det er nødvendig å skifte ut, endre på eller montere fleire nye røykvarslarar, gir Gjensidige Hallingdal og Sparebank 1 Hallingdal og Valdres dessutan også gode rabattar på brannsikringsutstyr til sine kundar

 

Småjobbsentralen kan også utføre utbetring eller skifte av røykvarslarar. Dette må bestillast som eit ordinært oppdrag, timeprisen er då kr. 150,- pr time.  

 

Bestilling av gratis batteribyte og kontroll kan du gjere gjennom Småjobbsentralen.

 

Småjobbsentralen i Gol har telefon 408 01 968

Ordinær kontortid er kvar tysdag og onsdag frå 10.00 til 12.00,

I samband med røykvarslar­prosjektet vil kontoret i tillegg også vere bemanna

2. og 3. desember frå 09.00 til 16.00.