vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Personvern

Erklæringa skal gje informasjon om korleis Gol kommune behandlar personopplysningar og kva rettar registrerte har.
Det er behandlingsansvarleg som avgjer føremålet med behandlinga av personopplysningar og som er ansvarleg for at personopplysningslova og personopplysningsforskrifta vert fylgde. I kommunen er det rådmannen som er behandlingsansvarleg.

Personopplysningslova

Personvernerklæringa fylgjer føresegnene i personopplysningslova med tilhøyrande forskrift. Les mer om personvern på nettsidene til Datatilsynet.

Personvern og teieplikt

Tilsette i Gol kommune pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang eller kjennskap til personlege opplysningar om deg.

  • Vi sikrer at berre tilsette med tenestleg behov får tilgang til dine personopplysningar.
  • Vi sikrer at opplysningane ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som har autorisasjon.
  • Vi sikrer at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføre våre oppgåver og gje deg ei best mogleg teneste.
Føremålet med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar du fyller inn i skjema, nyttar kommunen for å behandle førespurnaden din. For at me skal vere sikre på at me svarar rett person, blir du difor beden om å fylle inn fødselsnummer i våre skjema. Alle personopplysningar vil bli behandla fortruleg og vil berre bli nytta til saksbehandling av den aktuelle saka. Fødselsnummer vil aldri syne på offentleg tilgjengelege dokument.

Samtykke

Om du er einig i at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring av innsamla data om deg. Samtykket gjeld som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og for behandling av opplysningane. Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vere tilgjengelege for Gol kommune, før du har sendt inn søknaden. Når søknaden er sendt frå deg, har du samstundes samtykka.

Unnlate samtykke

Om du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjermdialog. Då må du ta kontakt med tenestetorget for å avtale ei manuell løysing.

Rett til innsyn og sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å få veta kva for personopplysningar vi har om deg, kva dei nyttast til og korleis dei er innhenta. Dette gjeld både manuelle og elektroniske registre. Om du finn at opplysningane er unøyaktige eller ufullstendige, kan du be om å få opplysningane retta eller sletta. Denne tenesta er gratis og du skal få svar innan 30 dagar.

Vi rettar eller sperrer opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje om opplysningane skal oppbevarast i henhold til anna lovgivning, til dømes arkivlova eller reknekapslova.

Vidareformidling

Kommunen skal ikkje selge, bytte eller vidareformidle informasjon om deg til tredjepart utan at du har samtykka til dette.

Sikker dataoverføring

Gol kommune nyttar HTTPS for å sikre vår nettløysing mot hacking. HTTPS gjer at kommunikasjonen skjer sikkert mellom nettlesaren i di datamaskin eller mobile eining og servaren som driv nettstaden.

Nytting av cookies på kommunens nettsider

Ein cookie er ei lita tekstfil som legg seg i internminnet på nettlesaren din. Den gir oss statistikk som vi nyttar til å gjere nettsidene og dei digitale tenestene betre for brukarane våre. Til dette nyttar me analyseverktøyet Google Analytics.

Personvernombod

Gol kommune har personvernombod som du kan kontakte hvis du har spørsmål om kommunen si behandling av personopplysningar. Personvernombodet jobbar for at personvernet skal ivaretakast på ein god måte, både for tilsette og innbyggjarar.

Personvernombod:
Hege Kristin Stubsve Bang
epost: personvernombudet@gol.kommune.no 
Tlf: 32 02 91 56