vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ordførar Heidi Granli er attende

Attende i virke

Det gler meg å væra attende i virke i vervet som ordførar. Me har gått over i eit nytt år med alt som høyrer til av moglegheiter og utfordringar. Starten på året vart kanskje ikkje heilt slik me hadde sett for uss, men bit me tennane saman att no så vil det raskt bli betre. Eg vil nytte anledninga til å takka varaordførar Herbrand Jegleim for ein fantastisk god innsats i 2020 medan eg har vøre ute i foreldrepermisjon. Det har til tider vøre vondt å kjenne på kva for ei tid og kva for oppgåver eg forlot vervet til Herbrand i, men eg har aldri vøre i tvil om at han ville leie kommunestyret og innbyggjarane gjennom året på ein stødig måte. No er eg attende, og allereie på min fyrste dag er me som kommune i gang med viktige tiltak for å hindre smittespreiing som i neste tur vil la uss koma attende til måten me vil leva på. Mi bøn til innbyggjarane i Gol er; vær tolmodige, sørg for å ha god avstand men ta ansvar slik at alle heldt seg friske.


Ordførar
Heidi Granli