Gol kommune har i samband med namnsetting av vegnr. 3655 sendt fleire forslag til namn på uttale til Språkrådet og namnekonsulentane i Kartverket. Høyringssvara er daterte høvesvis 29. juni 2023 og 30. juni 2023.
Kartverket har deretter varsla oppstart av namnesak 2023/203 i brev datert 30. juni 2023. Namnesaka gjeld eit stølsnamn i Nord-Aurdal kommune.
Den aktuelle vegen startar i kryss ved Brennvegen og går austover forbi Åsgard, Fanterud, Hølstølen og fram til grensa mot Nord-Aurdal kommune. Nord-Aurdal har brukt Spikjibakkvegen i samband med adressering på seie side. Denne skrivemåten er ikkje i samsvar med primærnamnet (stølsnamnet) som er registrert i SSR (Sentralt stadnamnregister) med Spekebakk som einaste godkjende skrivemåte.
Eigarar skal få sending direkte frå kommunen når saka gjeld bruksnamn, eller stølsnamn. Gol kommune har ikkje bruk registrert med dette namnet. Eventuell varsling vil difor koma frå Nord-Aurdal kommune til eigarar av bruk i Nord-Aurdal med desse bruksnamna. Gol kommune har varsla namnesaka ved annonse i Hallingdølen laurdag 8. juli 2023.
Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om bruksnamnet, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.
Uttale skal sendast til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL, eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no innan 25. august 2023.
Vedlegg
Uttale frå Kartverket - Tilråding til namn på veg i Tretteskogane mot Nord-Aurdal kommune (PDF)
Uttale frå Språkrådet - tilråding til namn på veg i Tretteskogane mot Nord-Aurdal kommune (PDF)