vaapen

Gol kommune

Samarbeid formar framtida

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ny fastlege

Legetenesta i Gol kommune informerer:

Gol kommune ønskjer å styrke legetenesta og gi innbyggjarane betre tilgang til fastlege. Det er derfor inngått avtale med ny fastlege, Dorte Louise Sagen, frå 01.05.19.

Dette medfører at ein del personar med fastlege i Gol vil få tildelt ny fastlege. Det er HELFO som gjennom maskinelt uttrekk foretek tildelinga. Legetenesta/fastlegane har ingen innvirkning på denne prosessen. Dei som får tildelt ny fastlege, vil motta informasjon direkte frå HELFO om dette.

Du kan få mer informasjon om fastlegeordninga på Helsenorge.no eller ved å ringe 800 43 573.

Legetenesta i Gol kommune har frå 01.05.19 følgjande fastlegar:

Kommunelegekontoret, Gamlevegen 4, tlf 32 02 92 00:

Anne Marie G Vedde                                   
Jagannivasan Thurainayagam
Lars Christian Sandaker
Heidi T Sandaker
Eivind Vedvik
Dorte Louise Sagen

 

Helge Anders Feet  Allmennpraksis Gol, Sentrumsvegen 101, tlf 32 07 51 40